Fristen for å levere innspel til Handlingsplan mot speleproblem 2026-2029 gikk ut fredag 25.april.
Lotteritilsynet, Medietilsynet og Helsedirektoratet er i gang med å utarbeide forslag til ny handlingsplan mot speleproblem for perioden frå 2026 til 2029.
Uendra mål
Handlingsplanen vil ha same tre hovedmål som gjeldande plan:
- Det første er at færrast mogeleg skal ha problem med spel.
- Det andre målet gjeld kunnskap og deling av kunnskap.
- Det tredje målet rettar seg mot lågterskeltilbod og behandling.
Dette har vi bede om innspel på
Aktørane har blitt bedne om å komme med innspel på følgjande område:
- Kva målgrupper som bør prioriterast (utsette)
- Innspel på konkrete førebyggingstiltak
- Behov for forsking og kunnskap om speleatferd og speleproblem
- Innspel på særskilde problemstillingar / tiltak knytt til lågterskeltilbod og behandling
Alle aktørane har også vore oppmoda om å gi andre innspel som dei meiner er relevante for den kommande handlingsplanen.
Det er ei føring for arbeidet at utkastet til ny plan ikkje skal innehalde regulatoriske tiltak.
Les alle innspela
Det er kome innspel frå aktørane som er lista opp under. Ønskjer du tilgang til dokumenta kan du gjere eit søk i eInnsyn her.
Helsedirektoratet har mottatt innspel frå desse aktørane:
- ADHD Norge
- Blå Kors
- Helse Bergen
- Helse Midt Norge
- Korus Øst
- OUS
- Spillavhengighet Norge
- Stiftelsen Dam
Medietilsynet har mottatt innspel frå desse organisasjonane:
- Aktive Gamere
- Bygdel Vestre Aker
- Gamingkontakten
- JUNG
- Likestillingssenteret
- Spillkultur
- Stikkontakten
Lotteritilsynet har mottatt innspel frå følgande organisajonar:
- Actis
- Akan
- Blå Kors
- Bredde E-sport Alliansen
- BSL
- Foreningen for samfunnsnyttige pengespill
- Helse Stavanger
- Klein-group
- NFSP
- Norges Parkinsonforbund
- Norsk Rikstoto
- Norsk Tipping
- NTNU
- Spillavhengighet Norge
- Spillforsk
- Stiftelsen Barnevakten
- ROPFORSK/Korus Øst
Innspel frå Innspelsmøtet 25.juni
- Ungdom og Fritid
- Stiftelsen Dam
- Barnevakten
- UIB/Spillforsk
- SIFO/OsloMet
- Blå Kors
- Mental Helse
Utkast til handlingsplan skal leveres Kulturdepartementet innen 1.oktober.
OBS! Denne nettsida er opdatert 26. mai 2026. Innspela er tatt vekk frå nettsida grunna krav til universell utforming og det er lenka vidare til eInnsyn.