I år fekk Lotteri- og stiftelsestilsynet 538 søknader om kompensasjon for utgifter til meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg.
Full kompensasjon
Samla godkjent søknadsbeløp var på 271 293 857 kroner, og det vart full kompensasjon i 2019. Det betyr at alle som fekk godkjent søknaden fekk utbetalt beløpet det var søkt om.
Av 538 søknader vart 517 godkjende, 6 avslått, 8 avviste og 7 vart trekte.
I fjor vart 474 av 490 søknader godkjende, og det godkjende søknadsbeløpet var til saman 304 002 686 kroner.
Sjå utviklinga for mva- kompensasjon for idrettsanlegg frå 2010 til i dag:
Søknader og søknadsbeløp
Fristen for å søke om kompensasjon for utgifter til meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg var 1. mars.