Til saman 1787 lag og organisasjonar har fått utbetalt nærare 272 millionar kroner. Siste utbetaling i krisepakken for arrangørar i frivilligheita som måtte avlyse arrangement i mars og april kjem i dag.
Lotteritilsynet er no ferdig med alle søknadane i krisepakken for arrangørar i frivilligheita som har avlyst, stengt eller utsett arrangement i perioden 5.mars til og med 30.april.
Ramma på ordninga er på 700 millionar kroner, og 2254 søkarar søkte om til saman 372 millionar kroner.
No når alle søknadane er ferdig behandla er det betalt ut nærmare 272 millionar kroner til 1787 lag og organisasjonar. I dag får 157 av desse utbetalt over 76 millionar kroner. Her kan du sjå oversikt over kva organisasjonar dette er.
Søkarane i denne pulja vil få vedtak tilsendt til meldingsboksen sin i Altinn i løp av nokre dagar.
-Vi har betalt ut puljevis, for å sørge for at søkarane fekk hjelp fortast mogleg. I dag startar vi utbetalinga til den siste pulja, seier Gunn Merete Paulsen i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Totalt 449 søkarar fekk avslag, og 208 fekk justert søknadsbeløpet sitt. Dette utgjorde totalt 100 millionar kroner som ikkje vart innvilga.
-Den vanlegaste årsaka til avslag er at søknaden er under minstegrensa. Ein del har også søkt om å få kompensert inntektstap som ikkje er knytt til eit arrangement, samt andre inntektstap enn tapt billettinntekt og deltakaravgift.
Regjeringa foreslår å forlenge kompensasjonsordninga til 31. august, samt å utvide ordninga med 850 millionar kroner. Innretninga blir endra, der mellom anna andre inntektskomponentar blir tatt med.
-Vi kjem til å legge ut meir informasjon om dette på nettsidene våre når rammene for ordninga er klarlagde, seier Paulsen.