Ny krisepakke er klar, og Lotteri- og stiftelsestilsynet har opna for søknader. Frivillige lag og organisasjonar som er ramma av korona kan no søke om å få dekka langt fleire tapte inntekter.
Koronapandemien har ramma mange frivillege lag og organisasjonar. Regjeringa har vedtatt ein ny krisepakke for frivilligheita, som gjeld for perioden 12. mars til og med 31. august 2020. I dag har ESA, EFTAs overvakingsorgan, godkjent forskrifta.
Frivilligheita kan no søke om kompensasjon for tapte inntekter frå arrangement som heilt eller delvis måtte avlysast, utsettast eller stengast på grunn av korona, eller oppdrag dei har mista fordi eit arrangement eller ein aktivitet har blitt avlyst. Det kan også søkast om tapte billettinntekter eller utleigeinntekter frå annan aktivitet enn arrangement, som for eksempel museer eller utleige av lokaler.
-Denne ordninga er betydeleg utvida, og vi forventar veldig mange søknader. Eit viktig mål for oss er at frivilligheita skal få hjelp så fort som mogleg, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Puljevis utbetaling
For å kunne søke på ordninga må laget eller organisasjonen vere registrerte i Frivilligregisteret og ha hovudverksemda si i Noreg.
Søkarane kan få utbetalt inntil 70 prosent av søknadsbeløpet.
-Vi kjem til å betale ut så raskt som mogleg, og i puljer.
Søknadsfristen er 15. september 2020.
-Dette er ei tillitsbasert ordning. Det betyr at søkarane må sette seg godt inn i ordninga før dei søker. Det ligg mykje informasjon her på nettsidene våre, både om kven som kan søke, kva ein kan søke om og korleis ein søker.