Lotteri- og stiftelsestilsynet har opna for søknadar. – Vi legg opp til ein rask søknadsprosess, slik at dei som treng hjelp får det så fort som mogleg, seier direktør Gunn Merete Paulsen.
Arrangørar som har avlyst, stengd eller utsett arrangement som følge av råd eller pålegg frå styresmaktene i samband med koronaviruset kan få kompensasjon for tapte billettinntekter og deltakaravgifter, samt meirutgifter.
Ordninga Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar gjeld for arrangørar innan idretts-, kultur- og frivilligheitssektoren som er registrerte i Frivilligregisteret innan 5. mars 2020. Ramma for denne ordninga er på 700 millionar kroner.
Det kan søkast om kompensasjon for arrangement som var planlagde frå og med 5. mars til og med 30. april.
– Det er mange arrangement som er blitt avlyste, stengde eller utsette på grunn av koronaviruset. Vi kjem til å behandle søknadane så raskt som mogleg, slik at dei som er innanfor ordninga får hjelp fort, seier Paulsen.
Fristen for å søke er 21. april 2020.