Spelarar fekk ikkje stenge seg ute frå pengespel på fire månadar. – Dette er ein alvorleg feil. Å beskytte sårbare spelarar er Norsk Tipping sin viktigaste jobb, seier Tore Bell, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.

I spela til Norsk Tipping skal du enkelt og raskt kunne stenge deg ute, og slik beskytte deg om du spelar for mykje.

Men i fire månadar i fjor fungerte ikkje dette for dei som speler i app på iPhone eller iPad. For å klare å stenge seg ute måtte dei kontakte kundesenteret eller logge inn på nettsida via pc.

– Det er vanskeleg å seie kor mange som er ramma. Om vi ser på same tidsperiode i 2023 var det 240 personar fleire som stengde seg ute frå Norsk Tipping sine spel. Vi veit også at mange spelar i appen.

Tore Bell er avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.
Tore Bell er avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.

Det er ein markant nedgang i kor mange som har stengt seg ute frå Norsk Tipping sine spel i perioden, samanlikna med same periode året før.

– At utestengelse ikkje har fungert er eit klart brot på lova. Det er klart terskelen for å stenge seg ute blir høgare om du må ringe kundesenteret eller logge inn på pc`en for å få det til, seier Bell.

Spelar meldte om feilen

Feilen blei ikkje oppdaga før ein spelar tok kontakt med Norsk Tipping.

– Både at feilen skjer og at det ikkje blir oppdaga er ein alvorleg svikt i system og rutinar, seier Bell.

Lotteritilsynet har varsla Norsk Tipping om gebyr på inntil 36 millionar. Dette er 0,35 prosent av nettoomsetninga, som var på 10,2 milliardar i fjor.

Dette er eit varsel, og Norsk Tipping har frist på tre veker på å uttale seg, før vi gjer vedtak.

– Størrelsen på gebyret blir sett utifrå ei vurdering av heile saka. Dette er ein alvorleg feil, som i tillegg ikkje blei oppdaga før ein spelar tok kontakt. Men så har vi også tatt med i vurderinga at feilen blei raskt retta då den blei oppdaga, og at vi ikkje kjenner til at det har skjedd liknande feil tidlegare.

Les varselet her.