I fire månadar førte ein feil til at spelarar ikkje fekk stenge seg ute frå pengespel.   

Alle som tilbyr lovlege spel skal tilby løysingar der du raskt og enkelt kan stenge seg ute frå spela. 

Men i fire månadar i fjor fungerte ikkje dette hos Norsk Tipping for dei som spelar i app på iPhone eller iPad.  

– Dette er ein alvorleg feil, og den varte lenge. Norsk Tipping skal beskytte sårbare spelarar, det er den viktigaste jobben deira, seier Tore Bell, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.  

I same tidsperiode i 2023 var det 240 fleire som stengde seg ute frå Norsk Tipping sine spel. Det er ein markant nedgang i perioden det ikkje var mogleg å stenge seg ute.  

– Det er vanskeleg å seie kor mange som er ramma av feilen. Vi veit at mange spelar via appar seier Bell.  

Norsk Tipping er ueinige i størrelsen på gebyret 

Det var ein spelar som meldte om feilen. 

– Det er ein alvorleg svikt i system og rutinar at feilen skjer og i tillegg ikkje blir oppdaga av Norsk Tipping sjølve.  

I februar sende Lotteritilsynet varsel om gebyr på 36 millionar. Det er 0,35 prosent av nettoomsetninga til Norsk Tipping, som var på 10,2 milliardar i fjor. 

Norsk Tipping erkjende at feilen er alvorleg og aksepterer gebyr, men er ueinige i størrelsen på gebyret.   

– Vi har vurdert svaret deira, og dei har ikkje sendt opplysningar som endrar synet vårt. Dette er eit klart brot på lova og ein alvorleg feil. Men har også tatt med i vurderinga at feilen blei raskt retta då den blei oppdaga, og at vi ikkje kjenner til liknande feil tidlegare.  

Vedtaket finn du her.