I mars fekk ein spelar hos Norsk Tipping ved ein feil utbetalt 25 millionar kroner frå kasinospelet KongKasino. No har Lotteritilsynet fatta vedtak om at Norsk Tipping må betale eit gebyr på 4,5 millionar.  

– Feilutbetalinga er eit alvorleg brot på pengespellova, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

KongKasino er eit nettkasino, og er eit av dei spela med høgast risiko for speleproblem. Spelet har ein høg andel problemspelarar. 27 prosent av dei som speler kasinospel hos Norsk Tipping er i kategoriane moderate risiko- eller problemspelarar. Dette er seks gongar fleire enn det som er gjennomsnittet for alle pengespel.  

Eit av tiltaka for å hindre at spelarar får problem er premiegrenser. I KongKasino er maksimal premie 100 000 kroner. I tillegg er det tillatt med ein jackpotpremie på 5 milllionar kroner. Likevel fekk ein spelar ved ein feil 25 millionar kroner på konto.  

– Dette er ei stor feilutbetaling. Det er relativt stor sjanse for at pengane kunne gått til ein spelar med pengespelproblem eller risiko for å få det. Då hadde vedkommande fått veldig mykje å spele for.

Her kan du lese heile vedtaket.

Alvorleg systemsvikt

Feilen blei ikkje oppdaga før spelaren sjølv varsla Norsk Tipping.  

– Norsk Tipping hadde ikkje gode nok sikkerheitstiltak knytt til premieutbetaling på KongKasino  då feilen skjedde, og dette er ein alvorleg systemsvikt. I etterkant har dei innført tiltak, og det har vi tatt med i vurderinga av gebyret, seier Hamar.  

4,5 millionar kroner utgjer 0,05 prosent av Norsk Tipping si omsetning i 2023. Den var på 9,2 milliardar kroner, etter at utbetalte premiar er trekt frå. 

Lottertilsynet sendte varsel om overtredelsesgebyr i juli, og har fått merknader frå Norsk Tipping som ikkje endrar vårt syn på saka.  

Norsk Tipping kan klage på vedtaket, og klagefristen er 3 veker.