–Den utanlandske marknaden blir mindre år for år. Vi ser at talet på spelarar hos einerettsaktørane aukar og at omsetninga deira på spel i konkurranse med dei utanlandske aktørane aukar, seier avdelingsdirektør i Lotteritilsynet, Tore Bell.
Vel 2 millionar spelte på nett hos Norsk Tipping minst éin gong i løpet av 2024. Tilsvarande tal for 2023 var 1,8 millionar spelarar. Norsk Rikstoto hadde også auke i talet på spelarar. På spel i konkurranse med utanlandske spelselskap auka omsetninga hos Norsk Tipping og Norsk Rikstoto frå 2,6 milliardar i 2023 til 3,1 milliardar kroner i 2024. Instaspill aukar mest.
–I tillegg til at den utanlandske marknaden krympar, seier stadig fleire at dei har spelt norske spel sist dei spelte, og dei spelar mest på norske spel, seier Bell.
Omsetningen minkar hos utanlandske aktørar
Nye berekningar av den ulovlege marknaden viser at dei utanlandske spelselskapa si netto omsetning i 2024 var på 1,3 milliardar. For 2023 var omsetninga berekna til 1,6 milliardar.
Det er i Lotteritilsynets årlege ansvarlighets- og kanaliseringsrapport til Kulturdepartementet dei nye tala blir presentert.
–Kanaliseringa av spelarar, det vil seie kor mange spelarar einerettsaktørane kan klare å hente inn frå den ulovlege marknaden, er i ferd med å nå ei grense der innsatsen for å få dei resterande til ein lovleg marknad vil kreve heilt spesielle tiltak, seier Bell.
For spel i direkte konkurranse, dei farlegaste spela, utgjer den marknadsandelen til dei utanlandske spelselskapa mellom 22 og 28 prosent i 2024. For året før var talet mellom 29 og 35 prosent.
Unge spelarar tar høgare risiko
–Bieffekten av god kanalisering er at einerettsaktørane får fleire spelarar. Vi konstaterer at mange i den yngste gruppa spelarar har spelevaner til erfarne spelarar. Dei spelar spela med høgast risiko, seier Bell.
Dette er ei utvikling som uroar tilsynet og Norsk Tipping. Rapporten peikar på fleire tiltak einerettsaktøren kan gjere for å dempe utviklinga.
–Vi meiner Norsk Tipping må gjere kasinospela, online dataspel, mindre risikofylte og tilgjengelege for unge spelarar mellom 18-25 år. Her må selskapet jobbe svært proaktivt for å dempe omfanget av spel i denne aldersgruppa, seier Bell.
Rapporten er presentert for Kulturdepartementet og lagt fram for Norsk Tipping og Norsk Rikstoto.
Oversikt over rapportar og publikasjonar
Nysgjerrig på fleire data og kunnskap om pengespel? Her finn du oversikta.
Ulike rapportar og publikasjonar