Midlertidig lov om digitale møte blir oppheva 1. juni, og ny permanent lov gjeld frå same dato. Endringa omfattar mange typar foretak, også stiftelsar.
Nye permanente reglar
Det siste året har næringslivet hatt større muligheit til å halde digitale møte, gjennom ei midlertidig lov. Denne blir oppheva 1. juni 2021. Same dag vil nye, permanente reglar tre i kraft, som gir foretaka muligheit til å sjølve velgje om dei vil halde fysiske eller digitale styremøte, generalforsamlingar, årsmøte og selskapsmøte.
Omfattar mange foretak
De nye reglane omfattar aksjeselskap, allmennaksjeselskap, ansvarlege selskap, samvirkeforetak, stiftelsar, statsforetak og finansforetak, og vil dermed berøre svært mange foretak.