Lotteri- og stiftelsestilsynet samarbeider med Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) om drift, forvaltning og vidareutvikling av tilskudd.no.
Tilskudd.no gir ei god oversikt over statlege tilskotsordningar til frivillige lag og organisasjonar. Slik kan frivillig sektor enklare finne relevante tilskotsordningar å søke på. Nettstaden gir oversikt, viser samanhengar og bidreg til openheit om tilskotsordningar i staten. Lotteri- og stiftelsestilsynet er den største statlege tilskotsforvaltaren til frivillig sektor.
– Vi meiner det er viktig for frivillig sektor at staten er opne og gir informasjon om alle tilskotsordningar frivillig sektor kan søke på, seier avdelingsdirektør Marianne Skjeldestad Hove i avdeling for frivilligheitsstøtte.
I desember 2023 kunne tilskudd.no markere eit år i drift. Lotteri- og stiftelsestilsynet har sidan starten vore engasjert i å få til denne løysinga, og vil no få ei meir sentral rolle i den vidare drifta og utviklinga. DFØ skal som tidlegare ha ansvar for å drifte den tekniske løysinga, mens Lotteri- og stiftelsestilsynet tar over Kultur- og likestillingsdepartementet sitt operasjonelle ansvar for arbeidet som rettar seg mot frivillig sektor.
– Vi vil jobbe for å sikre god informasjons- og datakvalitet, og vidareutvikle løysinga for frivillig sektor. Vi trur løysinga har potensiale til å gjere kvardagen til frivillige endå litt enklare.
Lurer du på om det finst statlege tilskotsordningar som din frivillige organisasjon kan søke på? Eller vil du bli varsla om søknadsfristen? Gå til tilskudd.no.
Illustrasjonar: Trond Kulterud, Han som tegner.