Ordninga gjeld arrangørar som har avlyst, stengt eller utsett arrangement i tidsrommet 5. mars til og med 30. april som følgje av råd eller pålegg fra myndigheitene i samband med koronaviruset. Søknadsskjema blei lagt ut 14. april med frist 21. april.
-Vi informerte breitt i forkant og har hatt stor pågang, særleg dei siste dagane. Dei fleste har søkt utan store problem. Dei som har hatt behov for hjelp har fått det. No begynner jobben med å gå gjennom søknadsbunken, gjere våre vurderingar og betale ut, seier direktør Gunn Merete Paulsen.
Allereie no ser tilsynet ein stor overvekt av søknader frå idretten. Berre 40 søknader er over ein million kroner. Kva dette betyr, må vi komme tilbake til når vi har sett på tala, men det er mange som har søkt om mindre beløp.
-No må vi først få oversikt over søknadene. Kor lang tid det tar, er for tidleg å seie i dag, men vi tar sikte på å betale ut raskt i samsvar med intensjonen bak ordninga, avsluttar Paulsen.
Vi offentliggjer ikkje søknadsbeløp enkeltvis enno, men her kan du sjå oversikt over kven som har søkt på kompensasjonsordningen.
*Søknadsbeløp under en million viser ikkje i grafen.