Over 2170 lag og organisasjonar har søkt om å få kompensert meirverdiavgift på varer og tenester. Det er ein auke på rundt 270 søknadar frå i fjor.
– Dette viser at den frivillige aktiviteten er på veg oppover etter eit utfordrande covid-år, seier Marie Berland Nesheim, som er rådgivar på avdelinga for frivilligstøtte hos Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Fristen for å søke momskompensasjon var 1. september. Søknadsbeløpet er på 2,08 milliardar kroner. Den tildelte ramma er 1,9 milliardar kroner.
Last ned oversikt over søkarar i 2022
Største tilskotsordninga for frivillig sektor
Momskompensasjon for varer og tenester er den største tilskotsordninga til frivillig sektor. Dei siste åra har rundt 22 000 organisasjonar, fordelt på i underkant 2000 søknadar, mottatt kompensasjon.
Utbetaling i desember
Kor mykje søkarane får utbetalt er ikkje klart før alle søknadane er behandla. Dersom ramma som er gitt av Stortinget ikkje er stor nok til å dekke det godkjente beløpet for alle søkarane, blir alle beløp redusert med same prosentsats.
– Lotteri- og stiftelsestilsynet gjennomfører saksbehandling i haust, og utbetaling skjer i midten av desember, seier Nesheim.