I år fekk Lotteri- og stiftelsestilsynet 598 søknader om kompensasjon for utgifter til meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg.
Heile 568 søknader vart godkjende, med eit samla beløp for tildeling på over 361 millionar kroner. Dette er rekord, både når det gjeld tal godkjende søknader og innvilga søknadsbeløp. Det vart gitt full kompensasjon, som betyr at alle som fekk godkjent søknaden fekk utbetalt det godkjente søknadsbeløpet utan noko avkorting.
Av 598 søknader vart 568 godkjende, 14 avslått, 9 avviste og 7 vart trekte. I fjor vart 388 av 406 søknader godkjende, og det godkjende søknadsbeløpet var kring 343 millionar kroner.
Oversikt over tildelingar
Fristen for å søke om kompensasjon for utgifter til meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg var 1. desember 2022.
Her ser du utviklinga for mva- kompensasjon for idrettsanlegg frå 2010 til i dag: