No kan du sjå kva søknadssum dei enkelte arrangørane har søkt i kompensasjon for korona-avlyste, stengde eller utsette arrangement.

Ordninga gjelder arrangement som var planlagd avholdt i tidsrommet 5. mars til og med 30. april og som følgje av råd eller pålegg frå myndigheitene i samband med koronaviruset vart avlyste, stengte eller utsette. Søknadsfristen gjekk ut 21. april.

Til saman er det søkt om 372 millionar kroner og vi fekk inn 2254 søknader frå ei støtteordning på 700 millionar kroner.  No kan du også sjå søknadssummen til den enkelte søkar.

-Det er søknadsbeløpa som er kome inn vi no offentleggjer. Vi har hatt ein gjennomgang av listene der vi har luka vekk opplagte feil som dublettar og liknande. Det er altså ikkje ei liste med godkjende søknadsbeløp vi offentleggjer seier direktør Gunn Merete Paulsen.

22. april informerte vi om tal søknader og totalt søknadsbeløp, samt fylkesvis fordeling. No kan du også sjå oversikt over søkarar fordelt på kommunar i Excel-arket over.

Slik det er no vil vi dele utbetalinga i to. Det vil seie at det kjem ei første utbetaling og så ei utbetaling litt seinare for dei søknadane vi treng litt meir informasjon om.

-Vi legg opp til å betale ut første runde i veke 19, og så følgje opp så raskt som mogleg med runde to, avsluttar Paulsen.