På fem år har talet på nettkasinospelarar hos Norsk Tipping dobla seg. Lotteritilsynet er spesielt uroa over at unge spelarar kan få speleproblem.
I 2020 spelte 200 000 nettkasinoet KongKasino hos Norsk Tipping. I 2025 hadde det auka til 400 000 spelarar.
Det er dei utanlandske nettkasinoa som i hovudsak skaper speleproblem i Noreg, viser både befolkingsundersøkingar og tal frå Hjelpelinjen. Norsk Tipping sine spel er strengt regulerte, men Lotteritilsynet er likevel uroa over auken i kasinospel. Det seier direktør Atle Hamar:
– Vi er spesielt bekymra for interessa for kasinospel blant dei unge, og om fleire kjem til å ha speleproblem om nokre år. Det er ein fare for at fleire spelarar vil spele meir, sjølv om dei blir stoppa av tapsgrensene hos Norsk Tipping, og at dei endar opp hos ulovlege, utanlandske aktørar.
Berre det siste året har KongKasino fått nesten 50 000 nye kundar. Norsk Tipping ser ein auke i kasinospeling blant unge, og spesielt blant 18-åringar som opprettar spelkontoar for første gong.
– Nokre er allereie erfarne spelarar når dei er 18 år og opprettar spelkonto hos Norsk Tipping. Ein del unge blir introduserte til gambling via gaming, og dei utanlandske selskapa marknadsfører via influensarar som når unge målgrupper, seier Hamar.
Lotteritilsynet foreslår fleire tiltak for å hindre at veksten i KongKasino fører til at fleire får speleproblem i Noreg. Eit av dei er å innføre ei rekke spørsmål ein må fullføre for å kunne spele. Det vil gi informasjon som kan hjelpe spelaren å ta kloke val i møte med risikofylte spel, som til dømes kasinospel.
Sju gongar fleire stengde seg ute frå Norsk Tipping sine spel
I fjor gjorde Norsk Tipping det enklare for spelarar å stenge seg ute frå spela deira, etter at Lotteritilsynet hadde påpeika at dette burde forbetrast. Det har ført til at sju gongar fleire stenger seg ute, noko Hamar er godt nøgd med.
– Det er bra. I tillegg til at det er tapsgrenser, er dette eit viktig ansvarlegheitstiltak som vi er glade for at fungerer.
Dei lovlege aktørane tek spelarar frå den utanlandske marknaden
Norsk Tipping tek spelarar frå den utanlandske marknaden år for år. Lotteritilsynet sine målingar viser at færre spelar hos utanlandske selskap. I 2025 spelte 2,6 prosent hos utanlandske selskap, mens talet var 3,8 prosent i 2024.
– Å førebygge speleproblem er det viktigaste, og Norsk Tipping må finne balansen mellom å vere attraktive og ansvarlege, seier Hamar.
På same tid viser estimat at norske spelarar tapte 1,9 milliardar til desse selskapa i 2025. Dette er 500 millionar kroner meir enn snittet i estimata våre for 2024, men tala er vanskelege å samanlikne på grunn av endringar i korleis vi estimerer.
– Det er utfordrande for oss å måle omsetning i den ulovlege marknaden, fordi vi ikkje har tilgang til omsetningstala deira. Sjølv om dette er eit estimat vi er usikre på, viser det at det framleis går store summar ut av Noreg til den utanlandske marknaden, sjølv om utviklinga er relativt stabil, seier Lotteritilsynet-direktør Atle Hamar.