På grunn av koronasituasjonen opplever enkelte stiftelsar at nyval av styremedlemmer ikkje lar seg gjennomføre til vanleg tid.
Dette medfører at ved utløpet av tenesteperioden til sittande styremedlemmar, er dei som skal tre inn i styrevervet ikkje valde/oppnemnde.
Korleis dette skal handterast er regulert i stiftelseslova § 28 første ledd:
Et styremedlem skal bli stående i vervet inntil et nytt medlem er valgt, selv om tjenestetiden er utløpt.
Dette inneber at eit styremedlem har plikt til å sitte utover den ordinære tenestetida si og fram til nytt styremedlem er valt i hennar eller hans stad. I denne perioden er rettane og pliktene til styremedlemmane dei same som i den ordinære tenestetida.