Tore Bell blei i dag tilsett som avdelingsdirektør i pengespelavdelinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Bell har vore tilsett i Lotteri- og stiftelsestilsynet sidan 2001, og har vore konstituert i stillinga som avdelingsdirektør sidan oktober 2023.

Pengespelavdelinga er ansvarleg for tilsyn og kontroll av pengespelmarknaden i Noreg, der målet er å sikre ansvarlege pengespel, forebygge speleavhengigheit og negative sosiale konsekvensar av pengespel- og lotteritilbodet.

Det var 13 søkarar til stillinga, der to var kalla inn til intervju.

Direktør, Atle Hamar, er godt nøgd med at tilsynet har fått tilsett ein avdelingsdirektør som kjenner oppdraget svært godt.

– Eg er svært nøgd med at Tore Bell har takka ja til stillinga.  I han får vi ein kompetent og røynd leiar som kan utvikle avdelinga vidare.

Bell sjølv ser fram til å leie avdelinga vidare.

– Eg er veldig glad for å ha fått jobben som avdelingsdirektør i ei avdeling med engasjerte medarbeidarar som brenn for samfunnsoppdraget vårt: å sikre ansvarlege pengespel.