– Feilen har ramma millionar av spelarar over mange år, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Både i ekstratrekningane til Eurojackpot og supertrekningane i Lotto har spelarar i andelslag, spelelag og andelsbank hatt større vinnarsjanse enn dei skulle hatt. Dei som har spelt aleine har hatt dårlegare vinnarsjansar. Årsaka er ein feil i trekningsgrunnlaget.
Tidlegare i år sendte Lotteritilsynet varsel om lovbrotsgebyr på 46 millionar, og har no gjort vedtak på at gebyret blir ståande. Det er 0,45 prosent av Norsk Tipping si omsetning. Den var 10,2 milliardar i 2024, etter at utbetalte premiar er trekt frå.
-Spelarane skal kunne stole på at Norsk Tipping sine spel er trygge og rettferdige
Feilen har vore der sidan 2015-2016, men blei ikkje oppdaga før i år.
– Spelarane skal kunne stole på at Norsk Tipping sine spel er trygge og rettferdige. Feilen i seg sjølv er alvorleg, og så er det skjerpande at den ikkje blei oppdaga før det var gått mange år seier Hamar.
Berre i 2024 var det omtrent 1,5 millionar kundar som spelte Eurojackpot, og i underkant av 2 millionar som spelte Lotto. Dei siste åra har det vore til saman 108 ekstra- og supertrekningar årleg.
– Med den marknadsposisjonen Norsk Tipping har må ein kunne forvente at slike feil blir oppdaga og retta umiddelbart, seier Hamar.
Gjennomførte trekningar etter tips om feil
Norsk Tipping blei først kjent med at det kunne vere feil i Eurojackpot- trekninga i november i fjor, utan at dei undersøkte det nærare.
Dei fekk også tips om feil 24. januar i år, og gjennomførte to trekningar før dei undersøkte og avdekka feilen.
– Dette er aktlaust, og terskelen for å undersøke moglege feil har vore for høg.
Norsk Tipping hadde også opplysningar om at supertrekninga i Lotto kunne vere feil i fleire veker før dei undersøkte det.
Varslar stort tilsyn med Lotto, Eurojackpot og Vikinglotto
Dette er det tredje lovbrotsgebyret Norsk Tipping får på under eit år. Det har også blitt avdekka fleire andre alvorlege feil som Lotteritilsynet vurderer.
Norsk Tipping fekk eit gebyr på 2,5 millionar kroner, etter at ein spelar ved ein feil fekk utbetalt 25 millionar kroner frå kasinospelet KongKasino. Norsk Tipping fekk 36 millionar i gebyr etter ein feil som gjorde at spelarar ikkje fekk stenge seg ute frå pengespel.
I juni fekk fleire tusen spelarar varsel om altfor høge premiar i Eurojackpot. Lotteritilsynet har slått fast at dette var eit brot på pengespellova. I sommar blei det også kjent at det var feil i supertrekninga i Lotto i påska, og denne saka er også til vurdering hos Lotteritilsynet.
– Norsk Tipping har for dårleg kontroll med spela sine, og vi har sett fleire døme på at feila ikkje blir oppdaga før konsekvensane er store. Derfor vil vi ha eit spissa og grundig tilsyn av Lotto, Eurojackpot og Vikinglotto, som er dei største lotterispela dei har, seier Hamar.