SEO-Butler får tvangsmulkt på 2 000 kroner dagleg frå 25. mai, etter vedtak frå Lotteritilsynet.
Lotteritilsynet sendte vedtak 7. desember 2020 med pålegg om stans av ulovleg marknadsføring og formidling av pengespel utan løyve i Noreg.
Varsel om tvangsmulkt vart gitt 22. mars 2021, dersom ikkje den ulovlege aktiviteten stansa.
SEO-Butler har ikkje etterkome pålegget frå Lotteritilsynet.