Det er utdelt millionbeløp til etterkommarane i Rasmus Meyers Legat i strid med vedtektene og stiftelseslova. Det er konklusjonen i endeleg tilsynsrapport frå Stiftelsestilsynet.
Avdelingsdirektør Siw Heggedal Longvastøl seier det er styrets plikt å halde seg orientert om vedtektene og rammene i stiftelseslova.
– Vi ser alvorleg på dette fordi det er store verdiar som har blitt delt ut ulovleg, og inhabile styremedlemmar har delteke i sakshandsaminga og tolka vedtektene til sin fordel, seier Heggedal Longvastøl.

Stiftelsestilsynet har gjennomført tilsyn der kontrollen har retta seg mot perioden 2011-2023. Konklusjonane viser at:
- Styret har delt ut minst ti millionar kroner i strid med eigne vedtekter og stiftelseslova.
- Styremedlemmane frå familien har vore inhabile til å gjere vedtak om utdelingar til seg sjølv og nærståande.
- Styret har inngått avtale med ekstern utbyggjar om framtidig sal av eigedom utan nødvendig avklaring med Stiftelsestilsynet.
- Styret har ikkje vore lovleg samansett frå medio 2022, noko som kan føre til at styrevedtaka blir ugyldige.
Stiftelsestilsynet vil nå gå i dialog med styret i Rasmus Meyers Legat for å få på plass eit habilt settestyre. Settestyret skal vurdere om det er grunnlag for å krevje tilbake utdelingane heilt eller delvis, samt vurdere om det er grunnlag for å fremme erstatningskrav mot styremedlemmane.
– Styret har gått utover eigne vedtekter og i strid med lovverket. Om dette skal føre til tilbakebetaling eller erstatningskrav, må settestyret no vurdere.
Fakta om stiftelsar:
Stiftelsar er organisasjonar utan eigarar og medlemmar. Det er derfor oppretta kontrollsystem for stiftelsar i Norge. Stiftelsestilsynet er ein del av dette kontrollsystemet, og fører tilsyn med korleis styret driftar stiftelsen. Samfunnsoppdraget til Stiftelsestilsynet er å skape tryggleik og tillit til stiftelsar som organisasjonsform gjennom lovlegheitskontroll og rettleiing.
Styret må søke Stiftelsestilsynet om vedtektsendringar før dei endrar til ein praksis som kan vere i strid med gjeldande vedtekter. Det er og viktig å sikre at styret har habile styremedlemmer slik at styret kan gjere gyldige vedtak.
Meir om habilitet i stiftelsar finn du her.