Lotteritilsynet møtte pengespelbransjen i København. – Pengespelbransjen ser det som problematisk for omdømmet til spelindustrien at enkelte aktørar opererer ulovleg i Noreg, seier Henrik Nordal, avdelingsdirektør i tilsynet.
Nordal deltok i ein paneldebatt under bransjekonferansen Scandinavian Gaming Show. Dei andre to i panelet var Rolf Sims i Kindred og Carl Fredrik Stenstrøm i Norsk bransjeforening for onlinespill. Begge kjempar for å få innført lisensmodell i Noreg.
I salen sat representantar frå ulike delar av pengespelindustrien. Temaet for paneldebatten var mellom annet korleis eller om reguleringane i Noreg fungerer.
– Bransjen vedkjenner at tiltaka har effekt, og Sims la ikkje skjul på dette, seier Nordal.
Det er bredt politisk fleirtal for den norske pengespelmodellen, og politikarane meiner det er den som beskyttar norske spelarar best. I dag er det Norsk Tipping, Norsk Rikstoto og nokre store, landsdekkande lotteri som har tillatelse til å tilby og marknadsføre pengespel i Noreg.
Auka fokus på beskyttelse av forbrukarane
Nokre pengespelselskap bryt bevisst norsk lov, og brukar ulike metodar for å nå norske spelarar. Betalingsformidlingsforbodet, som er eit forbod mot formidling av innskot og gevinst til pengespel utan norsk tillatelse, var eit av temaa i debatten.
– Ulovlege pengespelselskap manipulerer pengetransaksjonar for å lure kundane og bankane. Dette er ei utfordring for oss, men som vi jobbar saman med bankane og andre for å få bukt med.
Stadig fleire spelarar blir kanaliserte til norske, trygge spel. I 2018 spelte fleire utelukkande hos norske aktørar, og færre spelte utelukkande hos ulovlege aktørar, samanlikna med året før.
– Mitt inntrykk etter paneldebatten var at bransjen i aukande grad ser til Noreg for effektive tiltak. Maksimale tapsgrenser og betalingsformidlingsforbod er noko stadig fleire ser på som moglege tiltak også i andre marknader. Beskyttelse av forbrukarane har aukande fokus, og bransjen sjølv innser dette for å vere bærekraftig på sikt.