Organisasjonar som får betalt overskot frå bingo, kan ikkje rekne med å få pengar i april.
På grunn av korona-situasjonen held bingohallane stengt. Lotteritilsynet har gitt bingoentreprenørane utsetting i å betale ut til organisasjonane for første kvartal. Kravet om utbetaling til formål innan to veker etter første kvartal (dvs. frist 14 april) jf. bingoforskriften § 20, 3 ledd, vil bli utsett.
Kor lenge utsettinga blir, kjem vi tilbake til når vi veit kor langvarig stenginga av bingohallane blir.