24.-25. april inviterer Stiftelsestilsynet til konferanse i Førde. – Her blir det to dagar fullspekka med fagleg påfyll og gode moglegheiter for å utvide nettverket sitt.
Det seier Merete Tollefsen, som er seniorrådgivar hos Stiftelsestilsynet og prosjektleiar for konferansen.
– Samfunnsoppdraget vårt er å trygge norske stiftelsar. Ein viktig del av rolla vår er derfor å legge rette for deling av kunnskap. Det er viktig for å heve kompetansenivået i stiftelsane, og for at sektoren kan utvikle seg, seier Tollefsen.
Konferansen går av stabelen på Scandic Sunnfjord Hotel, og målet er å samle rundt 200 deltakarar.
Breitt program i to dagar
Konferansen blir ein arena der stiftelsar og aktørar rundt stiftelsane får fagleg påfyll og høve til å bygge relasjonar. Målgruppa er styremedlemmer, tilsette i stiftelsar og andre aktørar som gjer ein jobb for stiftelsar.
Årets tema er “Stiftelsar i samtida – rigga for framtida?”.
– Vi har sett saman eit breitt program, som vi trur vil gi både læring, inspirasjon og nyttige verktøy som stiftelsane kan ta med seg vidare, seier Tollefsen.
Kjersti Løken Stavrum i Stiftelsen Tinius, Ingrid Riddervold Lorange i Gjensidigestiftelsen og Jørn-Henning Theis i Stiftelsen Diakonova Haraldsplass er blant dei over 20 forskjellege aktørane som skal på scena i løpet av dei to dagane.
Møteplass etter korona
Sist Stiftelsestilsynet arrangerte konferanse var i 2019. Avdelingsdirektør Siw Heggedal Longvastøl fortel at fleire har etterlyst konferansen.
– Dette blir første konferansen vår etter koronapandemien. Difor er det ekstra viktig for oss å gjere konferansen til ein god møteplass for stiftelsane. Her kan dei møtast for å lære av kvarandre, men også utfordre kvarandre, seier Longvastøl.
Kvelden før konferansestart inviterer vi til ein lågterskel bli kjent-kveld, samt at vi legg inn gode pausar og festmiddag i løpet av konferansen.
– No gler vi oss stort til å møte stiftelsane, seier Tollefsen.
Vi har sett saman eit breitt program, som vi trur vil gi både læring, inspirasjon og nyttige verktøy
Merete Tollefsen, prosjektleiar