Lotterinemnda har ikkje gitt Lyoness utsett iverksetting av nemnda sitt vedtak 27. januar 2019.

Vedtaket frå Lotterinemnda 27. januar stadfestar Lotteritilsynet sitt vedtak med pålegg om stans av all verksemd frå Lyoness i Norge.

Nemnda ønskjer ikkje å tillate verksemda å halde fram, då dei har konkludert med at Lyoness er eit uloveleg pyramideliknande omsettingssystem.

Konsekvensane av Lotterinemnda sitt vedtak er at Lyoness omgåande må stanse all drift av, deltaking i og utbreiing av verksemda i Noreg.

Heile saka og vedtak om å ikkje gi utsett iverksetting les du på Lotterinemnda sine nettsider.