Norsk Rikstoto skal innføre totalgrenser for kor mykje spelarane kan satse og tape, og det har skapt debatt om hestenæringas framtid. – Omsynet til tapte inntekter for hestesporten kan ikkje gå framfor å beskytte spelarar frå alvorlege speleproblem, seier Henrik Nordal, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.

Norsk Rikstoto skal innføre totalgrense 1.januar 2020, og det har ført til diskusjon og påstandar om at norske myndigheiter vil avvikle hestenæringa.

– Vi ser behov for ei rolleavklaring. Norsk Rikstoto si hovudoppgave er å sikre trygge og ansvarlege spel. At hestenæringa nyt godt av overskotet frå spelet er ein konsekvens, og ikkje årsaka til at Norsk Rikstoto er ein av få aktørar som får løyve til å tilby nordmenn pengespel, seier Nordal.

Det følgjer forpliktelsar med å få lov til å tilby pengespel i Norge. Pengespela skal vere trygge og ansvarlege, og under offentleg kontroll. Dei sårbare spelarane, speleavhengige og familiane deira skal beskyttast. Norsk Rikstoto har dei siste åra jobba systematisk og godt for å oppfylle vilkåra i konsesjonen, og no står totalgrensa at.

Totalgrensa må gjelde alle

Lotteritilsynet støtter Norsk Rikstoto sitt eige forslag om å innføre ei totalgrense på 20 000 kroner i månaden, eller til saman 60 000 kroner over tre månader. Men totalgrensa må gjelde alle, og tilsynet støtter ikkje forslaget om at dei sokalla storspelarane skal ha høgre grenser.

-Totalgrensa skal vere eit sikkerheitsnett for dei som ikkje klarar å kontrollere spelinga si. Storspelarane spelar for store summar, og dei taper mykje. Dei har i utgangspunktet ikkje mindre risiko for å få problem enn andre spelarar, og Norsk Rikstoto har ikkje dokumentert det motsatte. Då er det ikkje ansvarleg at desse spelarane får ei særordning der dei kan spele for langt meir.

Når Lotteritilsynet uttaler seg om totalgrenser, er det i lys av at spela skal vere trygge og ansvarlege.  Sårbare spelarar og familiane deira skal beskyttast.  Landbruks- og matdepartementet skal ta den endelige avgjersla om korleis totalgrensa skal vere.

-Ei totalgrense vil medføre nedgang i inntektene til Norsk Rikstoto, og det betyr at alle som nyt godt av overskotet fra Norsk Rikstoto får litt mindre pengar i kassa. Men omsynet til tapte inntekter kan ikkje gå framfor å beskytte spelarar frå alvorlege speleproblem.

Lotteritilsynets uttale til Norsk Rikstotots forslag til totalgrense for spel les du her.