Lotteritilsynet åtvarar Norges sjakkforbund mot å inngå samarbeidsavtale med pengespelaktøren Kindred. Norges sjakkforbund bør vurdere konsekvensane ved å inngå ein slik avtale nøye. Å fronte eit samarbeid med en aktør som i dag bevisst bryt norsk lov kan potensielt medføre brot på pengespelregelverket.

Lotteritilsynet har via media blitt gjort merksame på at Norges sjakkforbund vurderer å inngå ein samarbeidsavtale med Kindred (London) Ltd. Samarbeidsavtalen kan vere lovleg, men Lotteritilsynet ser behovet for å på eige initiativ kommentere enkelte aspekt ved avtalen. Lotteritilsynet har i dag sendt brev til Norges sjakkforbund der vi gjer rede for gjeldande regelverk på området.

Har ikkje løyve 

Det følgjer av norsk lov at det er forbode å tilby pengespel på den norske marknaden utan å ha løyve frå norske styresmakter, og at det er forbode å marknadsføre eller formidle pengespel som ikkje har eit slikt løyve. Kindred sitt dotterselskap Trannel tilbyr pengespel i Noreg gjennom mellom anna spelsidene Unibet og Mariacasino. Kindred er ein ulovleg aktør i den norske pengespelmarknaden fordi dei ikkje har løyve til å arrangere pengespel her til lands.

Dette har Kindred og dotterselskapet deira bestridt i ulike rettslege disputtar med norske styresmakter. Det er viktig at Norges sjakkforbund kjenner til at både Lotteritilsynet og klageinstansane i fleire saker har slått fast at pengespillaktivitet som er tilpassa og tilrettelagt for spelarar i Noreg blir omfatta av norsk lov når tilbodet er retta mot Noreg. Dette gjeld sjølv om tilbodet også er tilrettelagt for spelarar i andre land. Den norske pengespelreguleringa har blitt vurdert og funnen i orden av ei rekkje domstolar, inkludert EFTA-domstolen, Oslo tingrett og Høgsterett. Då hjelp det ikkje at Kindred eller Kindred sine dotterselskap har lisens frå styresmakter i andre land til å tilby pengespel, for desse vil jo berre gjelde der dei er gitt. Det har ikkje skjedd endringar som skulle tilseie at domstolane ville kome til ein annan konklusjon i dag.

Trassar norsk forbod

Kindred trassar det norske forbodet, og tilbyr likevel pengespel på Internett i Noreg. Dette er mogleg fordi norske politikarar så langt ikkje har innført blokkering av ulovlege spel. Kindreds spel er klart retta mot Noreg fordi

  • Kindred (eller dotterselskap) tillèt at nordmenn speler hos dei, og går aktivt ut og rekrutterar norske spelarar,
  • Kindred (eller dotterselskap) driv utstrekt marknadsføringsaktivitet i Noreg, både på tv, i norske nettaviser, sosiale medium, norske pressemeldingstenester, og gjennom bruk av norske ambassadørar og «oddsekspertar»,
  • Kindred (eller dotterselskap) omgår det norske forbodet mot betalingsformidling,
  • Kindred (eller dotterselskap) har norskspråklege spelsider/bruker norske flagg etc. og tilbyr norskspråkleg kundestøtte.

Lotteritilsynet gjorde 18. mars 2019 vedtak med pålegg om stans av ulovleg speltilbod overfor Trannel International ltd, som er Kindreds dotterselskap. Vedtaket er påklaga. Kindreds dotterselskap har også saksøkt staten ved Kulturdepartementet i ein annan rettsleg tvist. Saka er beramma for Oslo tingrett 23.-25. oktober 2019. 

Om utkastet til samarbeidsavtale

Norges sjakkforbund opplyser på nettsidene sine at utkastet ikkje er endeleg. Dei viser også til at det er gjort fleire juridiske vurderingar av avtalen, men at desse ikkje er offentlege.

Lotteritilsynet har lest utkastet til avtale, og merkar seg at det blir hevda at «samarbeidsavtalen er lovleg». Lotteritilsynet kan ikkje sjå at dette utan videre kan slåast fast. Etter vår vurdering vil dette avhenge av korleis Norges sjakkforbund og Kindred gjennomfører dei aktivitetane som avtalen legg opp til.

Det følgjer av utkast til samarbeidsavtale at Norges sjakkforbund ikkje skal vere ein reklamekanal for Kindred eller nokre av selskapet sine merkevarer. Norges sjakkforbund skal ikkje profilere logoar eller produkt frå Kindred, men Norges sjakkforbund bør kjenne til at einkvar aktivitet som er sett i verk for å fremje omsetnaden av Kindred eller nokre av selskapet sine merkevarer vil være lovstridig marknadsføring. Det er altså ikkje berre bruk av logo og produkter som partane må unngå.

Gråsone

Ytringsfridomen gjeld sjølvsagt, men beskyttelsesvernet er lågt for kommersielle ytringar. Ved å inngå ein avtale med Kindred, stiller Norges sjakkforbund seg i ein situasjon der forbundet kontinuerleg vil operere i ei gråsone mellom ytringsfridom og ulovleg marknadsføring. Slik avtalen står per dags dato, er det umogleg å på førehand vurdere kva aktivitetar som vil utgjere brot på marknadsføringsforbodet. Dette kjem heilt an på korleis aktiviteten blir gjennomført i praksis.

Sjølv om samarbeidsavtalen i seg sjølv kan vere lovleg, vil Lotteritilsynet likevel oppmode Norges sjakkforbund til nøye å vurdere konsekvensane ved å inngå ein slik avtale, både ved å sette seg i en situasjon som potensielt kan medføre fare for brot på pengespelregelverket, og ved å offentleg fronte eit samarbeid med ein aktør som i dag bevisst bryt norsk lov.

Lotteritilsynet inviterer Norges sjakkforbund til å ta kontakt med dei eventuelle spørsmål de måtte ha.

Les heile brevet her.