Lag og organisasjonar med godkjenning for å halde lotteri og/eller bingo skal levere rekneskapsopplysningar til Lotteritilsynet innan 1. juni kvart år.

Kan miste inntekter

Organisasjonar som ikkje sende inn opplysningar innan denne rapporteringsfristen fekk førehandsvarsel i midten av juni. Her vart dei gjort merksame på at dei risikerer å misse lotterigodkjenninga og bli sletta frå Lotteriregisteret, og dermed kunne gå glipp av alle inntekter frå lotteri og/eller bingo i minst eit halvt år.

Ny frist for å levere rekneskapsopplysningar var i år 16. august.

Over 250 har ikkje rapportert

I alt 255 lag og organisasjonar hadde ikkje rapportert innan fristen i august. Dei får i desse dagar tilsendt vedtak om sletting av lotteriløyve, og kan dermed ikkje arrangere lotteri og/eller bingo.

Dersom lag og organisasjonar leverer rekneskapsopplysningane for 2017 før klagefristen er ute, vil Lotteritilsynet vurdere å omgjere vedtak om sletting.