Pengespelselskapet Trannel nådde ikkje fram med klage på Lotteritilsynets vedtak, og må stanse å tilby nordmenn pengespel frå spelsidene Maria Casino, Unibet, Storspiller og Bingo.

Trannel International Limited har ikkje løyve frå norske styresmakter til å tilby eller marknadsføre spel i Noreg, og kan ikkje tilby pengespel i Noreg.  

-Lotterinemnda stadfestar vedtaket vårt heilt og fullt, seier Trude Felde, seniorrådgjevar i Lotteritilsynet.

 I 2019 gjorde Lotteritilsynet vedtak med pålegg om at Trannel skulle stanse det ulovlege tilbodet om pengespel frå desse spelsidene retta mot den norske marknaden.  

Trannel klaga vedtaket inn til Kulturdepartementet og Lotterinemnda. Klagar fekk ikkje medhald hos departementet, og no har også Lotterinemnda konkludert med at Lotteritilsynets vedtak er gyldig.  

-Vi kjem til å ta kontakt med selskapet og spørje om korleis dei har tenkt å etterleve vedtaket. 

Stadfestar at vi tolkar regelverket riktig

Trannel har mellom anna argumentert med at dei har lisens og hovudsete på Malta, og at lisensen frå maltesiske styresmakter gir dei rett til å tilby pengespel i Noreg.

Pengespelsidene Unibet, Maria Casino, Storspiller og Bingo er utforma på norsk, innskot og premiar er i norsk valuta og selskapet tilbyr norskspråkleg kundestøtte. Dei marknadsfører spela sine gjennom TV-reklamar på norsk via norske kanalar som sender frå utlandet, og brukar norske ambassadørar, norske pressemeldingstenester og norske sosiale medium.  

-Lotterinemnda skriv mellom anna at det avgjerande må vere i kva grad spelet er tilpassa og eksplisitt henvender seg til den norske spelmarknaden og norske forbrukarar. Dette er ei viktig stadfesting på at vi tolkar regelverket riktig, seier Felde.

Les Lotterinemnda sitt vedtak.