Pålegg om stans

Trannel International Limited driv spelsidene Unibet, Maria Casino, Storspiller og Bingo. Lotteritilsynet har no gjort vedtak med pålegg om at Trannel International Limited stansar det ulovlege tilbodet om pengespel frå desse spelsidene.  Vedtaket er eitt av fleire tiltak som Lotteritilsynet gjennomfører for å stoppe det ulovlege tilbodet av pengespel i Noreg.

Les heile vedtaket med pålegg om stans.

Ikkje lov å tilby pengespel

Det er ikkje tillete å tilby pengespel i Noreg utan å ha løyve frå norske myndigheiter. Forbodet mot å tilby og marknadsføre utanlandske pengespel i Noreg er viktig for å unngå speleproblem. Det er også viktig å beskytte sårbare grupper mot pengespel der det er stor risiko for å tape mykje penger på kort tid.

I Noreg har vi lange tradisjoner for å føre ein ansvarleg pengespelpolitikk, og norske aktørar som har løyve til å tilby pengespel må rette seg etter eit strengt regelverk med høge krav til ansvarlegheit.

Klage

Selskapet har klaga på vedtaket. Vi går no gjennom klagen og vurderer vidare sakshandsaming. Vedtaket vil ikkje bli gjennomført før klagesaka er ferdig handsama.