På juss-studiet har vi alle opplevd at dei store private advokatfirmaa blir flagga som attraktive å søke sommarjobb eller trainee-stilling hos. Arbeidserfaring innan offentleg forvaltning kan til samanlikning verke mindre interessant. Vi meiner det motsette kan vere vel så riktig.

Av Martin Skrede, Linn Ulla Liljeros og Eirin Alvilde Nordeide (sommarvikarar i Lotteri- og stiftelsestilsynet i 2020).

Når ein skal ut i arbeidslivet, er det viktig å kjenne seg trygg på at ein har noko å tilby. Derfor er det viktig å få prøvd rollene og oppgåvene ein vil møte i yrkeslivet. Det får ein som sommarvikar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Ein saksbehandlar må arbeide veldig sjølvstendig. Saksavgjerslene krev i nesten alle tilfelle grundige drøftingar og avvegingar. På same måte som til dømes ein dommar i rettssalen må en finne fram til rett regel, bruke den på ein god måte, og treffe ei avgjerd.

I tillegg får ein ansvar for å svare på spørsmål som kjem inn via telefon og e-post, og gje rettleiing i reglane til dei som treng det. Det er noko ein ofte må gjere til dømes som juridisk rådgjevar eller advokat.

Lotteri- og stiftelsestilsynet er fullt av fagleg dyktige, engasjerte og inkluderande menneske

At vi har fått bryna oss på desse kjerneoppgåvene vi vil møte i yrkeslivet, har gitt oss større fagleg tryggleik.

Ein utviklar likevel ikkje fagleg tryggleik heilt av seg sjølv. Det å vere omringa av fagleg dyktige og engasjerte menneske, og ein kultur med opne dører, har gjort at vi har opplevd å meistre oppgåvene våre på ein god måte.

I Lotteri- og stiftelsestilsynet har vi kunna snakka om vurderingane vi måtte gjere etter lova, både med overordna fagansvarleg og andre på kontoret, når som helst! Det gjer at vi har lært mykje om reglane og samfunnsområda på veldig kort tid.

At miljøet på Lotteri- og stiftelsestilsynet i høg grad er tverrfagleg, meiner vi også bidreg til dette. Det å snakke med andre frå andre fagområde, gjev ei betre forståing av problemstillingane ein møter når ein skal avgjere saker.

Mykje fagleg å hente

I Lotteri- og stiftelsestilsynet får ein også særleg god innsikt i forvaltningslova og offentleglova gjennom opplæringa, forvaltningssakene og innsynssakene ein får. Dette er rettsområde ein truleg vil møte i løp av arbeidslivet, og derfor kan vere viktig å ha god forståing for.

I tillegg blir ein kjend med og får lære mykje om nye spanande samfunnsområde. Stiftelsar, pengespel og momskompensasjonsordninga for frivilligheita har det vore veldig interessant å lære meir om!

Vi meiner derfor at eit opphald  i Lotteri- og stiftelsestilsynet kjem til å gje deg verdifulle erfaringar og kunnskap du vil ta med deg vidare i arbeidslivet. Det er ikkje berre CV`en din som veks om du har sommarjobb i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Det meiner vi og du kjem til å gjere som jurist!

Vi gir Lotteri- og stiftelsestilsynet vår anbefaling!

Interessert i å vere sommarvikar i 2021? Vi er på leit etter tre sommarvikarar. Søknadsfristen er 21. mars. 

Vi har også fleire andre ledige stillingar. Revisor eller økonom? Avdeling for frivilligheitsstøtte har to ledige stillingar. Vi søker også etter ein trainee på kommunikasjon. Les meir her