Norsk Tipping må rette opp i fleire avvik, og får varsel om lovbrotsgebyr på inntil 1 million.
Pengespel kan brukast til kvitvasking og økonomisk kriminalitet. Derfor skal aktørar som Norsk Tipping ha system for å gjere dei i stand til å avdekke kvitvasking.
Lotteritilsynet har hatt tilsyn med desse systema, og fann 5 avvik. Det er ikkje avdekka kvitvasking, men systemfeil.
Norsk Tipping har ikkje hatt gode nok system som sikrar etterlevelse av enkelte bestemmelsar i kvitvaskingslova. Dei har ikkje visst nok om kven kundane er og kor midlane dei speler for kom frå. Dette må dei vite for å kunne avdekke kvitvasking.
Nokre av avvika handlar om forhold tilbake i tid, og Norsk Tipping har retta opp fleire av avvika. Likevel kjem vi med ein reaksjon fordi dette burde har vore på plass tidlegare, og fordi det delvis påverkar dagens etterlevelse av regelverket.
– Vi ser positivt på at Norsk Tipping viser vilje til å ta tak i dette, men krava kom i 2018, og vi forventa at dei hadde det på plass, seier Tatyana Søreide Klepaker, jurist i Lotteritilsynet.
Norsk Tipping har frist til 15. januar 2026 med å uttale seg om varselet, før vi fattar vedtak.