Mange millionar blei delt ut i strid med både lova og vedtektene til stiftelsen, men det er ikkje grunnlag til å følge dette opp vidare, er konklusjonen til settestyret. 

Etter tilsyn med Stiftelsen Rasmus Meyers Legat i 2025, konkluderte Stiftelsestilsynet med at det er delt ut rundt 20 millionar til etterkommarar av Rasmus Meyer, i strid med vedtektene og stiftelseslova. Styremedlemmar frå familien var også inhabile til å gjere vedtak om utdelingar til seg sjølve og nærståande. 

– Dette var ei alvorleg sak for stiftelsen fordi det er delt ut store verdiar av stiftelsen sine pengar til etterkommarane (legatarane), i strid med både stiftelsen sine eigne vedtekter og stiftelseslova. Store verdiar som skulle styrka stiftelsen sin kapital til framtidig formålsrealisering har gått til styremedlemmar frå familien og nærståande, seier Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet.  

Ei eventuell rettssak kan tappe stiftelsen for meir pengar

I 2025 oppnemnde Stiftelsestilsynet eit settestyre, som på vegne av stiftelsen skulle vurdere om det er grunnlag for å krevje utdelte midlar tilbake eller å reise erstatningskrav mot styremedlemmane. Det ordinære styret var inhabile til å avgjere dette på vegner av stiftelsen. Inhabilitetsreglane skal sikre stiftelsen sine interesser. Settestyret representerer stiftelsen og har ansvar for å gjere vurderingar på vegner av stiftelsen i desse spørsmåla.  

No er rapporten frå settestyret klar. Settestyret har slutta seg til at det har skjedd brot på eigne vedtekter og lova. Dei finn likevel ikkje grunnlag for søksmål for domstolane med krav om tilbakeføring av dei ulovleg utdelte pengane, og dei finn heller ikkje grunnlag for å fremje erstatningskrav.  

Dette er basert på fleire samansette vurderingar. Det er lagt særleg vekt på at det er risiko for at ei eventuell rettssak kan tappe stiftelsen for pengar som skal gå til formålet.  

– Settestyret har kome med ei grundig vurdering. Vi forheld oss til konklusjonen deira, og vi forstår det slik at det ordinære styret også tar til etterretning at utdelingane ikkje har vore innanfor rammene av vedtektene, noko vi også forventar at dei sikrar framover, seier Longvastøl.

Tilrår at styret vurderer erstatningskrav mot revisor

Sidan ein stiftelse ikkje har eigarar som kan føre eigarkontroll, er det etablert revisjonsplikt og offentleg tilsyn ved Stiftelsestilsynet. Tilsynsordninga er eit naudsynt korrektiv i eit system utan eigarstyring.  

– I denne saka har ikkje revisor hatt merknader til styret om at deira tolking av vedtektene gjekk for langt. På bakgrunn av det tilrår settestyret at styret vurderer å rette erstatningskrav mot revisor. Stiftelsestilsynet sluttar seg til denne vurderinga. Styret må samstundes vurdere om dei er habile til å ta denne avgjerda.  

Styret har det øvste og sjølvstendige ansvaret for forvaltninga av stiftinga. Eit settestyre er underlagt  dei same krava til forsvarleg forvaltning innanfor sitt mandat. Når settestyret no har kome med sin rapport etter Stiftelsestilsynets tilsyn, vil styret igjen få øvste ansvaret med å forvalte stiftelsen forsvarleg. Dette skal dei gjere i samsvar med lova og vedtektene, slik dei no er tolka i Stiftelsestilsynets rapport.