Lotteritilsynet har vedtatt lovbrotsgebyr på 1 million kroner, og Norsk Tipping må rette opp i fleire avvik.
Pengespel kan brukast til kvitvasking og økonomisk kriminalitet. Derfor skal aktørar som Norsk Tipping ha system for å gjere dei i stand til å avdekke kvitvasking.
I samband med tilsyn med desse systema fann Lotteritilsynet 5 avvik. Det er ikkje avdekka kvitvasking, men systemfeil.
Norsk Tipping har ikkje hatt gode nok system som sikrar etterlevelse av enkelte bestemmelsar i kvitvaskingslova. Derfor varsla Lotteritilsynet lovbrotsgebyr på 1 million kroner i fjor, og dette gebyret er no vedtatt.
– Dei har ikkje visst nok om kven kundane er og kor midlane dei speler for kom frå. Dette må dei vite for å kunne avdekke kvitvasking, seier Tatyana Søreide Klepaker, jurist i Lotteritilsynet.
Nokre av avvika handlar om forhold tilbake i tid, og Norsk Tipping har retta opp fleire av avvika.