Det nye regelverket skjerpar innsatsen mot speleproblem og set strengare krav til ansvarlege pengespel.

Både ny pengespellov og ny pengespelforskrift er vedtatt. Det nye regelverket gjeld frå 1. januar 2023.

lover og regelverk png

Strengare krav til ansvarlege pengespel

Dei nye reglane gjeld for alle som tilbyr pengespel. Blant anna er det forbod mot å tilby bonus- og gratisspel, VIP-program eller andre personlege eller økonomiske grep som lokkar folk tilbake til pengespel. Det er også forbod mot autoplay.

Det er også innført andre tiltak for å sikre ansvarlege pengespel, blant anna felles reglar for marknadsføring. Det er krav om tydeleg informasjon om aldersgrense i spela og kontaktinformasjon til Hjelpelinjen. Marknadsføringa skal heller ikkje framstille pengespel som risikofritt.

Viktige endringar for alle pengespeltilbydarar

Alle som tilbyr pengespel må kjenne det nye regelverket. Alle typar lotteri og bingo heiter pengespel etter det nye regelverket. Under ser du spørsmål og svar knytt til dei største endringane.

Dei som tilbyr pengespel som krev løyve for å arrangere, skal gjere ei risikovurdering av pengespeltilbodet for å sikre ansvarlege og trygge pengespel. Risikovurderinga skal kartlegge behovet for risikoreduserande tiltak som er nødvendige for å forebygge, oppdage og reagere mot problematisk speleåtferd, kriminalitet og uærleg gjennomføring av pengespel. Vi vil komme med meir informasjon om risikovurderingar og rettleie aktørane om kva krav vi stiller til risikovurdering av pengespeltilbodet.

Det blir stilt krav om internkontroll. Tilbydarar av pengespel som krev løyve, skal etablere rutinar for å sikre at dei etterlever dei krava som følger av lov, forskrift, løyve og eventuelle spelereglar. Vi vil komme med meir informasjon om krav til internkontroll og rettleie aktørane om krav til internkontroll.

Det blir stilt krav til registrert spel for alle pengespeltilbydarar som tilbyr elektroniske spel. Kvar spelar skal vere identifisert på ein sikker måte med eit unikt kundeforhold. Les meir om krava i pengespelforskrifta § 4.

Pengespeltilbydarane skal gi tilstrekkeleg informasjon om spelereglane, inkludert informasjon om trekning og vinnarsjansar.

Vi vil rettleie og svare på spørsmål som kjem. Vi jobbar med å ha god og oppdatert informasjon på nettsidene til det nye regelverket.

Nye reglar for førehandsgodkjende organisasjonar

Det kjem også ein del endringar for frivillige lag og organisasjonar som arrangerer pengespel. I nytt regelverk blir dei omtalte som «ikkje-fortenestebaserte organisasjonar».

Ikkje-fortenestebaserte organisasjonar kan få løyve frå Lotteritilsynet til å tilby pengespel dersom dei
a) er registrert i Frivilligregisteret
b) har frivillig innsats som ein viktig del av verksemda
c) ikkje er tilgjengeleg berre for ein lukka krets
d) ikkje driv verksemd som gir privatøkonomiske fordelar.

Godkjenningar som blir gitt etter gjeldane lotterilov vil ikkje gjelde etter 31. desember 2023. Dette betyr at alle organisasjonar som er godkjente per 31.12.2022, og som har fått denne godkjenninga etter gjeldande lotterilov, i løpet av 2023 må søke om ny godkjenning etter ny pengespellov. Det må då også betalast nytt gebyr.

Organisasjonar som søker, og får slik godkjenning før utgangen av 2022, må betale eit gebyr på 1 300 kroner. Dei må likevel søke om ny godkjenning i løpet av 2023, som vil gi eit nytt gebyr på 2 000 kroner.

Viss organisasjonen ikkje skal bruke godkjenninga til å søke om løyve til lotteri/bingo innan utgangen av 2022, eller av andre grunnar må vere godkjent per 31.12.2022, vil vi anbefale om å vente med å søke til etter 1. januar 2023. De vil då spare eit gebyr.

Det er nye reglar for pengespel med omsetning under 200 000 kroner. Alle tidlegare typar smålotteri er slått saman til ein regel for pengespel under 200 000 kroner. Frå 1. januar 2023 treng ikkje lenger frivillige lag og organisasjonar registrere eller rapportere pengespela. Det same gjeld basar, der ein sel lodd og har trekning same dag.