Foreiningsbingo

Fleire frivillige lag og organisasjonar kan få inntekter frå bingo. Du kan få overskot frå den lokale bingoen eller arrangere bingo sjølv.

Søk om å arrangere foreiningsbingo

Lag og organisasjonar med godkjenning som lotteriverdig organisasjon, kan søke om løyve til å arrangere bingo. Det betyr at laget sjølv står for alt det praktiske rundt avviklinga av bingospelet, og det er foreininga sitt ansvar å syte for nødvendig rekneskapsrapportering til Lotteritilsynet etter at løyvet er ferdigspelt.

Hva er en lotteriverdig organisasjon?

Når en organisasjon har søkt om å bli lotteriverdig og fått slik godkjenning, kan organisasjonen søke om å arrangere lotteri eller bingo. Slik går du fram for å bli lotteriverdig.

Det er tre ulike typar foreiningsbingo:

  • Foreiningsbingo med omsetning inntil 700 000 kroner for kvar organisasjon. Her er det krav om full rekneskapsrapportering.
  • Foreiningsbingo med omsetning inntil 250 000 kroner for kvar organisasjon. Her må organisasjonen sende inn forenkla rekneskapsrapport.
  • Radio- og TV-bingo for stasjonar med konsesjon. Her er det inga omsetningsgrense. Det er berre lokalradioar og lokale TV-stasjonar med konsesjon som kan arrangere bingo i lokalradio og lokal-TV.

Det enkelte lag kan få løyve til å omsette for inntil 700 000 kroner på hovudspelet. Gebyret for eit slikt løyve er 1250 kroner.

Du kan søke om foreningsbingo heile året, men skal du ha oppstart frå 1. januar er fristen for å søke 15. oktober året før. Hugs alle vedlegga til søknaden.

Du kan også laste ned papirskjema (PDF med skrivbare felt).

Rapporter bingorekneskap

Organisasjonar som sjølv arrangerer bingo, pliktar å sende inn rekneskapsrapport etter at bingoløyvet er ferdigspelt.

Du kan også rapportere med papirskjema i PDF: