Førehandsgodkjente frivillige organisasjonar kan kontakte speltilbydaren av bingoen og spørje om å motta ein andel av overskotet frå bingospel. Dette blir kalla bingo med medhjelpar.

Slik går du fram

  • STEG 1: Søk om godkjenning til å arrangere pengespel. Denne godkjenninga må vere på plass før du kan få overskot frå bingo med medhjelpar.
  • STEG 2: Ta kontakt med medhjelpar (speltilbydaren som driv bingohallen). Medhjelparen koordinerer og sender inn søknader til Lotteritilsynet om løyve til bingospel frå organisasjonane.

Oversikt over medhjelparar og bingolokale kan du finne i Pengespelregisteret.

Godkjente frivillige organisasjonar må sjølv rapportere rekneskap ein gong i året.

Du er ikkje garantert plass i bingohallen

Frivillige organisasjonar som kontaktar medhjelpar for å ta del i bingoen, er ikkje garantert å få plass. I ein del bingohallar er det venteliste for å ta del i bingoen. Ver merksam på at det er eit gebyr på 2000 kroner for godkjenning. Det kan derfor vere lurt å kontakte medhjelpar før du søker godkjenning.

Dersom medhjelpar ønsker å knyte til seg nye, førehandsgodkjente organisasjonar som kan søke om bingoløyve og få overskot frå bingoverksemda, skal dette annonserast offentleg.

Utbetaling av overskot frå bingohall

Frivillige organisasjonar som får løyve til bingo med medhjelpar, får utbetalt sin del av overskotet fire gongar i året. Det er medhjelpar som utbetaler overskotet.

Fordeling av overskot frå Belago-terminalar

Belago er ein spelterminal frå Norsk Tipping som står i enkelte bingohallar. Utbetaling av overskot frå Belago til frivillige organisasjonar som har løyve til å motta overskot frå bingohall, skjer ein gong i halvåret. Norsk Tipping betalar til kontonummeret organisasjonen har registrert i Frivilligregisteret. Dersom organisasjonen ikkje har registrert kontonummeret i Frivilligregisteret, blir ikkje overskot frå Belago utbetalt.