Frivillige organisasjonar som er førehandsgodkjent skal kvart år levere inn rekneskapsopplysningar innan 1. juni.
Frivillige organisasjonar skal rapportere samla inntekter og utgifter, samt overskot frå eventuelle pengespel. De pliktar å rapportere sjølv om organisasjonen ikkje tilbydde eller mottok overskot frå pengespel i rapporteringsåret.
Skjema i Altinn blir opna for rapportering i februar/mars kvart år.
Korleis skal du rapportere?
Du skal rapportere for føregåande rekneskapsår (fjoråret).
Ved avvikande rekneskapsår, skal organisasjonen rapportere frå siste godkjende rekneskap.
Rekneskapen kan berre rapporterast elektronisk via Altinn-skjemaet under, jf. pengespelforskrifta § 88.
Rapporter rekneskap her
Pliktig rekneskapsskjema for førehandsgodkjende organisasjonar (LT-R-001)
Gå til AltinnKvifor må organisasjonen rapportere rekneskap?
Organisasjonar som er førehandsgodkjent skal føre rekneskap jf. pengespelforskrifta § 42. Organisasjonen skal innan 1. juni kvart år, sende ein rekneskapsrapport til Lotteritilsynet.
Kva må du rapportere?
I rekneskapsskjema skal de føre inn dei samla inntektene og utgiftene til organisasjonen for føregåande år. I tillegg skal overskot frå pengespel registrerast i skjemaet (dette er ein del av dei samla inntektene). Dette gjeld inntekter frå:
- løyve til bingo med medhjelpar
- løyve til bingo utan medhjelpar med omsetning over kr 200 000
- løyve til lotteri med omsetning over kr 200 000
- pengespel med omsetning under kr 200 000
Organisasjonen skal også gje ei kort oversikt over korleis inntektene frå pengespel blei disponert.
OBS! Dersom endringar gjer at de ikkje lenger oppfyller vilkåra, kan vi kalle tilbake godkjenninga og løyvet. Det kan vi også gjere dersom de ikkje sender inn rekneskapsopplysningar.
Kven i organisasjonen kan rapportere i Altinn?
For å fylle ut og sende inn skjema, må du ha ein av to tilgangspakkar frå organisasjonen du representerer. Dagleg leiar og styret har automatisk desse tilgangspakkane. Er det andre som skal rapportere på vegne av organisasjonen, så må dagleg leiar eller styreleiar gi tilgang.
Våre skjema inngår i tilgangspakkane
- Lotteri og spill
- Sport og fritid
De finn opplysningar om tilgangspakkar her (Altinn).
Dersom du har spørsmål om tilgangspakkar, kan du ta kontakt med Altinn.