På årets Speleansvarskonferanse får du møte menneske som har hatt speleproblem eller vore pårørande, og lære meir om kva dei har gjort for å hjelpe andre. Vi har særleg fokus på fotballspelarar, og korleis ein skal unngå at mange av dei får problem med gambling.
Konferansen er 16. oktober på The Hub i Oslo. Påmeldingsfristen var 25. september.
Program for Speleansvarskonferansen 2024
09.00: Opning ved Lubna Jaffrey, kulturminister (Ap)
09.15: Velkommen ved Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet
09.30: Korleis kan ein som pårørande bruke eigen kunnskap om speleproblem til å hjelpe andre?
- Lill Tove Bergmo, kvinna bak Spillavhengighet Norge. Mannen fekk speleproblem og ho fann lite hjelp. No er organisasjonen ho etablerte landsdekkande.
- Fredrik Lillejordet, utvikla Spilleslutt. Laga app for at broren som hadde speleproblem skulle finne støtte og motivasjon til å vere spelefri.
- Elise Constance Fodstad, psykologspesialist, ph.d.-stipendiat. Presenterer ei befolkingsundersøking frå Spillforsk om pårørande til personar med penge- og dataspelproblem.
10.45: Beinstrekk og kaffi
11.00: Peter og Steph Shilton om 45 år som speleavhengig og vegen ut av problema
12.00: Lunsj
13.00: Fotballspelarar med mykje tid og pengar – ein uheldig kombinasjon? Freddy Dos Santos frå tidlegare norsk toppfotball og Per Einar Karlsen frå Norsk Tipping har besøkt norske toppspelarar i garderoben.
14.00: Beinstrekk og kaffi
14.15: Pengespel på fysiske arenaer, Mathilde Moldestad ved Spillforsk ved Universitetet i Bergen
15.00: Avrunding ved Atle Hamar
Møt engelsk fotballhelt
Den britiske keeperlegenda Peter Shilton er den landslagsspelaren for England som har flest kampar spelt i engelsk ligasystem. Mest kjent er han nok for å ha stått i mål då Diego Maradona skåra mål med handa i VM i 1986.
Mindre kjent for oss nordmenn er nok den dystre baksida av heltestatusen. Shilton har hatt speleproblem i 45 år. Kona Steph, som han gifta seg med for ti år sidan, oppdaga problemet. Ho tvinga han til å ta tak i det, og han har no vore spelefri i åtte år.
Dei to har oppsøkt offentlegheita etter at Peter oppdaga at det skjer eitt sjølvmord kvar dag i England, som følge av speleproblem. Med arbeidet for å førebygge speleproblem har dei markert seg så sterkt at regjeringa har fatta interesse for jobben dei gjer. Du møter dei begge på Speleansvarskonferansen.
Inn i fotballgarderoben
I gjeldande handlingsplan mot speleproblem er fotballspelarar ei gruppe som blir via ekstra merksemd. I regi av Norsk Toppfotball og Norsk Tipping reiser Freddy dos Santos (tidlegare Norsk Toppfotball) og Per Einar Karlsen (Norsk Tipping) rundt til norske fotballklubbar for å sette fokus på speleproblem blant fotballspelarar. Korleis reaksjonane har vore skal dei to fortelje meir om på konferansen.
Utvikla app etter å ha opplevd speleproblem i familien
Mange som har opplevd speleproblem tett på dagleglivet har brukt erfaringane sine til å hjelpe andre.
Fredrik Thorbjørnsen Lillejordet brukte teknologikompetansen sin til å utvikle appen Spillefri, etter å ha opplevd speleproblem i familien.
Lill-Tove Bergmo oppretta det som no er landet største frivillige organisasjon for personar med speleproblem og pårørande, etter at mannen hadde speleproblem.
Har du spørsmål til konferansen kan du ta kontakt med Tone Lin Støfring Skovro på e-post tone.lin.skovro@lottstift.no eller mobil 911 08 181.