Tre aktørar har løyve til å ha lotteri med årleg omsetning på inntil 300 millionar kroner:
- Norges Røde Kors med entreprenør Norsk Pantelotteri AS
- Stiftelsen WWF Verdens Naturfond og SOS-Barnebyer Norge Stiftelsen, med entreprenør Novamedia Norsk Postkodelotteri AS
- Right to Play med entreprenør FotoLotto AS (SnapChance)
Krav til desse lotteria
Organisasjonen må ha internasjonal aktivitet som utgjer minst 50 prosent av organisasjonen sine samla rekneskapsførte driftskostnader. I tillegg må organisasjonen ha minst 20 millionar kroner årleg i rekneskapsførte driftskostnader for sin internasjonale aktivitet.
- Lotteriet skal ikkje ha risiko for å utvikle speleproblem.
- Minst 50 prosent av lotteriets omsetning etter frådrag for gevinstar, skal gå til den eller dei organisasjonane som har fått det konkrete løyvet.
- Entreprenøren som driftar lotteriet må stille tilfredsstillande sikkerheit for gevinstar, ha tilfredsstillande eigenkapital og vise til ei rein revisjonsberetning.
- Entreprenøren må også gjennom godkjenning frå eit autorisert testinstitutt i EØS-området kunne dokumentere at lotteriet er sikra mot misbruk og manipulasjon.
Desse lotteria må tilfredsstille visse tekniske krav, og elles vere i samsvar med vilkåra som er stilt i § 7 i Lotteriforskrifta.
Technical requirement in English.
Fem aktørar fekk løyve i 2017
Det var fem aktørar som fekk slikt løyve i 2017, men løyva til desse aktørane er seinare sletta:
- Unicef-komiteen i Norge med entreprenør Lottovate Limited.
- Regnskogfondet, Caritas Norge og Utviklingsfondet med entreprenør Norsk Underholdningsspill AS.