Kringkastarar som arrangerer radiobingo eller tv-bingo må halde seg til følgande reglar.
Her er ei sjekkliste for deg som skal arrangere radio- eller tv-bingo:
Kringkastar må ha førehandsgodkjenning for å kunne drive bingo. Dette er ei godkjenning ein søker om første gong ein skal ha bingo og er ei eingongsutgift for kringkastaren. Her kan du søke om godkjenning. Utan denne godkjenninga kan du ikkje søke om radiobingo frå Lotteritilsynet.
Som kringkastar (radio/tv-stasjon) må du ha ein konsesjon til å drive radio eller tv etter kringkastingslova. Det er Medietilsynet som gir ut konsesjonar.
Kringkastarar som berre har registreringsplikt hos Medietilsynet, for eksempel kabel-tv, vil ikkje kunne arrangere bingo.
Dersom du har både førehandsgodkjenning og konsesjon på plass, kan du søke om radiobingo. Her finn du meir informasjon og lenke til søknadsportalen.
Generelle reglar for radio/tv-bingo
Kringkastar kan tilby bingo ein gang per veke per stasjon. Overskotet frå bingoverksemda skal i sin heilskap gå til drift av stasjonen som har løyve.
Du kan søkast om omsetning på inntil sju millionar kroner per kalenderår for kvar stasjon som har løyve til bingospelet. Ein kringkastar kan berre få eitt løyve per stasjon til å tilby hovudspel for to år om gongen.
Krav til bongar og sal
Kvar bong skal ha påført:
- salgssummar
- kontrollnummer
- namn på stasjonen
- ei kort orientering om spelet
- påtrykt vekenummer
- dato for spelet eller nummer for speleomgangen
Salet av bongar til eit bingospel skal ikkje byrje før det førre spelet er avslutta.
Krav til gjennomføring
Ein lokalradio- eller lokalfjernsynsstasjon kan tilby bingo ein gong per veke.
Kvar lokalradio- eller lokalfjernsynsstasjon kan formidle bingospelet til spelarar på internett. Elektronisk spel med digitale bingoblokker skal registrerast etter § 4.
Bingospelet skal trekkast i studio under sending og trekningsresultatet skal lesast opp to gongar. Etter kvart nummer som trekkast, skal dei registrerast. Spelarar som får bingo, må melde frå om dette under sending for å ha krav på premien. ein premie kan berre utleverast fysisk eller elektronisk fremvist bong.
Personar som er tilstades under sending i studio, kan ikkje delta i spelet.
Lodd kan ikkje vere premie
Det er ikkje tillatt å bruke lodd, som for eksempel Flax-lodd og bingobongar, som premiar i pengespel.
Det har Kultur- og likestillingsdepartementet slått fast. Dette fordi premiar i form av lodd ikkje utgjer ein reell premie, men berre ein moglegheit til å oppnå ein premie i eit anna pengespel.
Unntaket er om du brukar gåvekort til bingobong og har fleire premieval. Sjå nederst på denne sida.
Pengespel og gratisspel kan ikkje vere gevinst
I pengespelforskrifta (kapittel 3) er det sett opp fleire tiltak for å forebygge speleproblem og sikre ansvarlege spel. Det er blant anna forbod mot enkelte verkemiddel for å fremme deltaking i pengespel.
Det er forbode å nytte VIP-program, bonus- eller gratisspel eller liknande personlege økonomiske insentiv for å fremme deltaking i pengespel, jf. pengespelforskrifta § 11. Slike verkemiddel har som hensikt å fremme og auke deltakinga i pengespel (marknadsføring av spela), og kan gi auka risiko for speleproblem.
Forbodet mot slike verkemiddel er innført for å beskytte spelarane og gjeld alle som tilbyr pengespel. Dette gjeld også kringkastarar som tilbyr bingospel i lokalradio og lokalfjernsyn.
Kva konsekvensar får dette for kringkastarane?
- Det er forbode å gjennomføre konkurransar i bingosendingane der premien er gratis spel. Dette er uavhengig av om premien er gratis spel (bingobongar) i eige bingospel, eller pengespel frå ein anna pengespeltilbydar (for eksempel Flax-lodd).
- Kringkastaren kan heller ikkje ha konkurransar i andre program der eigne bingospel er premie. Dette vil bli rekna som eit verkemiddel for å marknadsføre bingospelet og vil derfor vere i strid med § 11 i pengespelforskrifta.
- Bestemminga hindrar likevel ikkje at andre program hos kringkastaren tilbyr konkurransar der pengespel frå andre pengespilltilbydarar er premie (for eksempel Flax-lodd). Slike konkurransar har ikkje same knyting inn i bingospelet. Kringkastar har likevel eit ansvar for at aldersgrensa på slike lodd blir halden. Det er forbode å marknadsføre slike premiar mot mindreårige.
Lotteritilsynet gjer oppmerksam på at ein del konkurransar kan komme inn under regelverket for pengespel.
Kan du bruke gåvekort til ny bingobong?
Det har kome spørsmål om gåvekort frå kringkastarar. Dei har gåvekort som er knytt til varer i kringkastar sitt sortiment og som dei brukar som premie i bingo.
Spørsmålet var om vinnar også kan bruke gåvekortet til ny bingobong?
Lotteritilsynet har vurdert det slik at så lenge vinnar har eit reelt val om kva premie dei kan bruke gåvekortet til, så er det uproblematisk å bruke ny bingobong som eitt av vala. Men det må vere fleire reelle valmoglegheiter for vinnar.