Vi inviterer til frukostseminar 28. januar, frå klokka 08.15 til 10.00 i Gymsalen på Sentralen i Oslo.
På oppdrag frå Lotteri- og stiftelsestilsynet har Menon Economics kartlagt kva dokumentasjonskrav frivillige organisasjonar møter når dei søker om og rapporterer på tilskot. Undersøkinga ser både på statlege tilskotsordningar og ikkje-statlege tilskotsordningar. I sistnemnde kategori er både kommunar, stiftelsar og sparebankstiftelsar representert.
Rapporten vil gi eit solid kunnskapsgrunnlag med forslag til tiltak som kan redusere dokumentasjonsbyrda frivillige organisasjonar opplever i dag. Vi identifiserer potensialet for å forenkle for organisasjonane både på kort og lang sikt.
Etter at rapporten med forslag til tiltak er presentert blir det panelsamtale.
Frist for å melde seg på er 13. januar 2026.
Program
08.00 – 08.15: Kaffe og enkel servering
08.15 – 08.20: Direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet Atle Hamar ønskjer velkomen
08.20 – 08.30: Statsekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet Erlend Kaldestad Hanstveit opnar arrangementet
08.30 – 09.00: Partner Simen Pedersen og senior manager Erika Minerva Karttinen i Menon Economics presenterer rapporten Kartlegging av dokumentasjonskrav i frivillig sektor
09.05 – 09.35: Panelsamtale: Korleis legge til rette for at det skal bli enklare å drive frivilligheit?
09.35: Avslutning og mingling

Desse deltar i panelsamtala
- statssekretær Erlend Kaldestad Hanstveit (Ap) i Kultur- og likestillingsdepartementet
- generalsekretær Stian Slotterøy Johnsen i Frivillighet Norge
- generalsekretær Bente Lier i Norsk Friluftsliv
- andre nestleiar Silje Hjemdal (FrP) i Familie- og kulturkomiteen
- avdelingsdirektør for frivilligheitsstøtte Marianne Skjeldestad Hove i Lotteri- og stiftelsestilsynet
Kommunikasjons- og strategidirektør Terje Gilleshammer i Lotteri- og stiftelsestilsynet, vil leie panelsamtala.