For tredje år på rad delte vi ut heile det godkjende søknadsbeløpet, fordelt på over 23 000 mottakarar.
Det godkjende søknadsbeløpet på 2,45 milliardar er rekordhøgt, og utbetalinga viser ein auke på over 20 % samanlikna med året før. Midlane blir betalt ut før jul til meir enn 23 000 frivillige lag og organisasjonar. På lista over mottakarar er det over 1 000 heilt nye søkarar og underledd, som ikkje har fått midlar gjennom denne ordninga tidlegare.
Momskompensasjonsordninga skal fremme frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.
Vi har ein eigen app der du kan finne oversikt over mottakarar og tildelt søknadsbeløp for momskompensasjon på varer og tenester i 2023. I appen kan du søke på enkeltorganisasjon eller navigere i kart og sjå fylkes- og kommuneoversikt. Du kan også sjå fordeling av momskompensasjon fordelt på ulike aktivitetar. I tillegg kan ein sjå korleis midlane til ulike sentralledd fordelar seg geografisk.
Du kan også laste ned oversikt over samtlege mottakarar og tildelt beløp i 2023(XLSX).
Om momskompensasjon på varer og tenester
I denne ordninga kan frivillige lag og organisasjonar søke om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Meir om momskompensasjon på varer og tenester kan du lese her.
Utvikling over tid
I diagramma under ser du beløp som er betalt ut til organisasjonane dei siste åra og tal organisasjonar som har mottatt momskompensasjon.