Her finn du svar på spørsmål som kan dukke opp i søknadsprosessen.

For driftsåret 2025 og framtidige søknadsrundar vil søknadsfristen vere 1. juni. Fordi 1. juni er ein laurdag i 2024, er fristen i år flytta til måndag 3. juni. Det vil seie at de i 2024 må søke innan 3. juni for å bli vurdert for tilskot for driftsåret 2025.

Kommunane sender inn søknad på vegne av frivilligsentralane i sin kommune. Krava i forskrifta gjeld for den enkelte frivilligsentral. Kommunane kan ikkje la vere å søke på vegne av ein frivilligsentral som oppfyller vilkåra.  

Kommunen si avgjerd om ikkje å søke om tilskot på vegne av ein frivilligsentrala er eit enkeltvedtak. Ei eventuell klage på enkeltvedtaket frå kommunen må frivilligsentralen sende til kommunen.

Det er ikkje krav om frivilligheitssentralane sjølv skal vere registrerte som juridiske einingar. Det er tilstrekkeleg at namnet frivilligsentral vert nytta på til dømes nettsider og liknande. I dei tilfella der frivilligsentralen er organisert under ein annan organisasjon, er det tilstrekkeleg at sjølve frivilligsentralen nyttar namnet. 

Søknadsskjemaet krev at ein legg inn organisasjonsnummer. Dersom frivilligsentralen ikkje har eit eige organisasjonsnummer, så legg ein inn organisasjonsnummeret til den eininga sentralen er organisert under. Til dømes kommunen sitt organisasjonsnummer.  

I tillegg til organisasjonsnummeret som sentralen er knytt til, skal søknaden innehalde namnet på frivilligsentralen. Kommunen må også stadfeste at sentralane det søkast på vegne av oppfyller alle krava i forskrifta.

Tilskotet vil avhenge av den årlege ramma som vert fastsett i statsbudsjettet. Denne ramma skal fordelast på alle dei kvalifiserte frivilligsentralane som søker om tilskot. Statsbudsjettet vert kvart år lagt fram i oktober, men vert normalt ikkje endeleg vedteke før i desember. Talet på frivilligsentralar vil komme fram av den årlege søknadsrunden, og kommunane skal overføre tilskotet i sin heilskap til frivilligsentralane.  

Eit godt samarbeid mellom kommunane og den lokale frivilligheita er viktig for at ein skal kunne oppfylle formålet til frivilligsentralane. Behova vil variere mellom ulike kommunar og den lokale frivilligheita. Det vert ikkje stilt krav til korleis kommunane involverer frivilligheita, anna enn at det skal leggast opp til prosessar som sørger for involvering når det gjeld oppretting, nedlegging og drift av frivilligsentralar. 

Med likelydande meinast ord som frivilligheitssentral, friviljugsentral, nærmiljøsentral eller liknande ord som historisk har blitt nytta som synonym til frivilligsentral.  

Nei, det vert berre tildelt fullt tilskot. Det er krav i forskrifta om minst eitt årsverk og minimum 40 % lokal finansiering. Årsverket skal vere dedikert til frivilligsentralen, og det kan ikkje ligge andre kommunale arbeidsoppgåver til årsverket.

Forskrifta stiller krav om minst eitt årsverk. Det er likevel forståeleg om stillinga står ledig i ein periode ved sjukefråvær eller oppseiing frå tidlegare tilsett.  

Frivilligsentralen må disponere lokale som legg til rette for aktivitet. Dersom frivilligsentralen har samlokalisering med til dømes eit bibliotek, så vil dette vere ok, så lenge sentralen disponerer lokalet slik at ein får gjennomført relevante aktivitetar for målgruppa. Det er mogleg å gjennomføre aktivitetar på ulike lokasjonar i lokalsamfunnet. Ei stilling som frivilligkoordinator hos kommunen, der koordinatoren primært sit på eit fast kontor, vil ikkje kvalifisere for at ein kan søke om støtte. 

Frivilligsentralar skal i utgangspunktet oppfylle krava heile tilskotsåret.

Nyoppretta sentralar bør vere i drift med utadretta verksemd i løpet av første kvartal av tilskotsåret

Frivilligsentralen skal ha eit rådgjevande organ der frivilligheita er representert. Dersom frivilligsentralen har eit eige styre, vil det kvalifisere som rådgjevande organ. I dei tilfella der det ikkje finst eit styre, må frivilligsentralen opprette eit rådgjevande organ, til dømes ei referansegruppe eller liknande.  

Statstilskotet skal maksimalt utgjere 60 prosent av frivilligsentralens totale inntekter. Med andre ord må den lokale finansieringa utgjere minst 2/3 av tilskotet. Lokal finansiering inkluderer all finansiering ut over statstilskotet som vert gitt gjennom denne forskrifta. Det vil seie at kravet om 40 prosent lokal finansiering kan dekkast av tilskot også frå andre statlege etatar, kommunale tilskot, tilskot frå stiftelsar eller eigen omsetnad frå til dømes billettsal, basarar eller matsal. Finansielle bidrag må vere synleggjort i rekneskapen til sentralen.

I slike tilfelle må kommunane eller organisasjonane sjå til at kvar enkelt sentral oppfyller vilkåra i forskrifta. Det er ikkje noko i vegen for at stillingsressursane jobbar på fleire av sentralane, så lenge alle krav elles er oppfylt.

Rapportering for bruk av midlar i 2023 skal gjerast i søknadsskjemaet for driftsåret 2025. Fristen for å sende inn søknadsskjemaet er 3. juni 2024.

Rapporteringa er enkel. Kommunane må bekrefte om midlane har blitt overført til frivilligsentralane, og om frivilligsentralane som har fått tilskot har oppfylt krava.
Kommunar som fekk tilskot for driftsåret 2023 og som ikkje skal søke for driftsåret 2025, må sende ei tilsvarande rapportering til postmottak@lottstift.no seinast 3. juni. Ta med eventuelle merknadar til om sentralane oppfylte krava for tilskot.

Det er ikkje krav om revisjon for dette tilskotet. Vi gjer likevel merksam på at Lotteri- og stiftelsestilsynet kan gjennomføre kontroll med at krava i forskrifta er oppfylt. Kommunar og frivilligsentralar pliktar å medverke til slik kontroll.

Nei, som hovudregel ikkje.

Likestillings- og diskrimineringslova har forbod mot forskjellsbehandling på grunn av religion i tilsettingssaker. Det kan i særskilde tilfelle finnast moglegheiter for å gjere unntak frå forbodet, men praksisen på området er streng. Medlemsskap i trussamfunn er i utgangspunktet ikkje nødvendig for å jobbe på ein frivilligsentral. Det er derfor som hovudregel ikkje lov å stille krav om medlemsskap i trussamfunn ved tilsettingar på frivilligsentralar.

Fant du ikkje det du leita etter? Ta kontakt med avdelinga på frivilligstøtte.

  • E-post: postmottak@lottstift.no
  • Sentralbord: 57 82 80 00 (opningstid kl. 10.00-14.00).