I november kunne kommunar søke om nye midlar på vegne av frivilligsentralar i sin kommune.
Tilskotet skal gå til drift av frivilligsentralar, og formålet med ordninga er å bidra til å skape gode og stabile rammevilkår for frivilligsentralane.
Ønsker du å motta varsel når neste søknadsrunde åpner? På tilskudd.no kan du abonnere på e-postvarsel om denne tilskuddsordningen.
Oversikt over tildelingar
218 millionar har blitt betalt ut til 333 kommunar, som vidare skal fordelast på 515 frivilligsentralar. Det er altså kommunane som har mottatt midlane og skal utbetale til frivilligsentralar i sin kommune.
Sjå oversikt over tildelingane her.
I lenka nedanfor finn du oversikt over kommunane som har søkt, og kva frivilligsentralar dei har søkt på vegne av.
Sjå oversikt over kven som har søkt.
Kva vilkår må frivilligsentralen oppfylle?
For å kunne ta imot tilskot via kommunen må frivilligsentralen
- stimulere til frivillig innsats, vere opne møteplassar for befolkninga, samt vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor. Aktiviteten må vere tilpassa lokale føresetnader og behov.
- vere eigd og drifta av anten ein kommune, ei verksemd i Frivilligregisteret, eit samvirkeføretak der alle medlemmer er kommunar og/eller verksemder i Frivilligregisteret, eller ein kombinasjon av dei nemnde.
- ha eit rådgjevande organ som kan påverke drifta av frivilligsentralen, der frivilligheita er representert.
- ha eigen rekneskap og årsrapport.
- ha tilgang på fysiske lokale.
- ha minst eitt årsverk, som hovudregel éin person i 100 % stilling.
- ha lokal finansiering tilsvarande minst 40 % av frivilligsentralens totale driftsinntekter.
- nytte ordet «frivilligsentral» eller likelydande i namnet på frivilligsentralen.
Så langt det er praktisk mogleg, vert frivilligsentralar oppmoda om å gjere lokala sine tilgjengelege for utlån til frivillige organisasjonar, når frivilligsentralen sine behov er dekka.
Den økonomiske ramma for ordninga vert fastsett gjennom statsbudsjettet. Endeleg avklaring vert derfor først klar i løpet av desember.
Lotteri- og stiftelsestilsynet tek no over forvaltninga av denne ordninga. Tidlegare har ordninga lege under Kultur- og likestillingsdepartementet. Rapportering av årets bruk av midlar skal difor sendast dit, i tråd med informasjonen i tilskotsbrevet som vart sendt ut 24. januar 2022.