Her finn du svar på spørsmål som kan dukke opp i søknadsprosessen.
Kommunane sender inn søknad på vegner av alle frivilligsentralane i sin kommune. Kvar enkelt frivilligsentral må oppfylle krava i forskrifta. Kommunane kan ikkje la vere å søke på vegner av ein frivilligsentral som oppfyller vilkåra.
For driftsåret 2027 er søknadsfristen 2. juni 2026.
Ja, Kultur- og likestillingsdepartementet har komme med ein ny tolkingsuttale som du kan lese her. Denne tydeleggjer formålet med ordninga, kommunen si sentrale rolle i forvaltinga av ordninga og involvering av frivillig sektor.
Når kommunen vurderer om frivilligsentralar oppfyller krava for tilskot, må dei ta omsyn til presiseringane i tolkingsuttalen.
Kommunen skal vurdere og bekrefte at frivilligsentralane dei søker på vegner av oppfyller krava for tilskot i § 7.
I vurderinga av om ein sentral driv verksemd i tråd med formålet i forskrifta, må kommunen gjere ei heilskapleg og konkret vurdering av om sentralen ivaretar alle desse tre omsyna:
• Frivilligsentralen skal stimulere til frivillig innsats.
• Frivilligsentralen skal vere ein open møteplass for befolkninga.
• Frivilligsentralen skal vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor
Viss vurderinga viser at eit eller fleire av desse omsyna ikkje er godt nok ivaretatt, kan sentralen falle utanfor formålet. Dermed vil ikkje sentralen oppfylle krava for å få tilskot.
Korleis omsyna blir ivaretatt kan variere ut frå lokale forhold.
Kommunen si avgjerd om ikkje å søke om tilskot på vegner av ein frivilligsentral er eit enkeltvedtak. Dersom frivilligsentralen vil klage på vedtaket, må den sende klagen til kommunen. Kultur- og likestillingsdepartementet er klageinstans dersom kommunen opprettheld klagen.
I perioden mellom søknadstidspunkt og tilskotsår, skal kommunen aktivt undersøke om vilkåra er oppfylte. Kommunen skal informere Lotteri- og stiftelsestilsynet dersom dei oppdagar endringar i søknadsgrunnlaget som får konsekvensar for utbetaling av tilskot.
Det er ikkje krav om at frivilligheitssentralane sjølv skal vere registrerte som juridiske einingar. Det er tilstrekkeleg at namnet frivilligsentral vert nytta på for eksempel nettsider og liknande. I dei tilfella der frivilligsentralen er organisert under ein annan organisasjon, er det tilstrekkeleg at sjølve frivilligsentralen nyttar namnet.
Søknadsskjemaet krev at ein legg inn organisasjonsnummer. Dersom frivilligsentralen ikkje har eit eige organisasjonsnummer, legg de inn organisasjonsnummeret til den eininga sentralen er organisert under. For eksempel kommunen sitt organisasjonsnummer.
For nye sentralar der eige organisasjonsnummer ikkje er på plass når de søker, kan de legge inn kommunen som mellombels eigar/driftar av frivilligsentralen. Når frivilligsentralen har fått sitt eige organisasjonsnummer må de sende oppdatert informasjon til postmottak@lottstift.no, seinast 1. desember i søknadsåret. Kommunen må opplyse om dette i søknaden.
I tillegg til organisasjonsnummeret som sentralen er knytt til, skal søknaden innehalde namnet på frivilligsentralen. Kommunen må også stadfeste at sentralane det søkast på vegner av oppfyller alle krava i forskrifta.
Tilskotet vil avhenge av den årlege ramma som vert fastsett i statsbudsjettet. Denne ramma skal fordelast på alle dei kvalifiserte frivilligsentralane som søker om tilskot. Statsbudsjettet vert kvart år lagt fram i oktober, men vert normalt endeleg vedtatt i desember. Talet på frivilligsentralar vil komme fram av den årlege søknadsrunden, og kommunane skal overføre tilskotet i sin heilskap til frivilligsentralane.
Kommunen skal legge til rette for prosessar som gir frivillig sektor ei reell moglegheit til å bli høyrd i spørsmål om oppretting, nedlegging og drift av frivilligsentralar. Einsidig informasjon frå kommunen, for eksempel i form av enkelte e postar utan moglegheit for dialog eller innspel, er normalt ikkje er tilstrekkeleg. At frivilligsentralen er kommunal, endrar ikkje plikta til å involvere frivillig sektor ved oppretting, nedlegging og drift av frivilligsentralar.
Med likelydande meiner vi ord som frivilligheitssentral, friviljugsentral, nærmiljøsentral eller liknande ord som historisk har blitt nytta som synonym til frivilligsentral.
Det er krav i forskrifta om minst eitt årsverk, som hovudregel éin person i 100 prosent stilling.
Årsverket skal vere dedikert til frivilligsentralen, og det kan ikkje ligge andre kommunale arbeidsoppgåver til årsverket. Årsverket skal vere lønna, og det kan ikkje dekkast opp av frivillig innsats.
Nei, det vert berre tildelt fullt tilskot. Det er krav i forskrifta om minst eitt årsverk og minimum 40 % lokal finansiering.
Forskrifta stiller krav om minst eitt årsverk. Det er likevel forståeleg om stillinga står ledig i ein periode ved sjukefråvær eller oppseiing frå tidlegare tilsett.
Frivilligsentralen må disponere lokale som legg til rette for aktivitet. Dersom frivilligsentralen har samlokalisering med til dømes eit bibliotek, så vil dette vere ok, så lenge sentralen disponerer lokalet slik at ein får gjennomført relevante aktivitetar for målgruppa. Det er mogleg å gjennomføre aktivitetar på ulike lokasjonar i lokalsamfunnet. Ei stilling som frivilligkoordinator hos kommunen, der koordinatoren primært sit på eit fast kontor, vil ikkje kvalifisere for at ein kan søke om støtte.
Frivilligsentralar skal i utgangspunktet oppfylle krava heile tilskotsåret.
Nyoppretta sentralar bør vere i drift med utoverretta verksemd i løpet av første kvartal av tilskotsåret. Nyoppretta sentralar bør også oppfylle kravet om minst eitt årsverk i løpet av første kvartal av tilskotsåret.
Frivilligsentralen skal ha eit rådgivande organ der frivilligheita er representert. Dersom frivilligsentralen har eit eige styre, vil det kvalifisere som rådgivande organ. I dei tilfella der det ikkje finst eit styre, må frivilligsentralen opprette eit rådgivande organ, for eksempel ei referansegruppe eller liknande. Det rådgivande organet kan ikkje vere eit politisk organ som for eksempel kommunestyre eller formannskap.
Statstilskotet skal maksimalt utgjere 60 prosent av frivilligsentralens totale inntekter. Med andre ord må den lokale finansieringa utgjere minst 2/3 av tilskotet. Lokal finansiering inkluderer all finansiering ut over statstilskotet som vert gitt gjennom denne forskrifta. Det vil seie at kravet om 40 prosent lokal finansiering kan dekkast av tilskot også frå andre statlege etatar, kommunale tilskot, tilskot frå stiftelsar eller eigen omsetnad frå til dømes billettsal, basarar eller matsal. Finansielle bidrag må vere synleggjort i rekneskapen til sentralen.
I slike tilfelle må kommunane eller organisasjonane sjå til at kvar enkelt sentral oppfyller vilkåra i forskrifta. Det er ikkje noko i vegen for at stillingsressursane jobbar på fleire av sentralane, så lenge alle krav elles er oppfylte.
Nei, som hovudregel ikkje.
Likestillings- og diskrimineringslova har forbod mot forskjellsbehandling på grunn av religion i tilsettingssaker. Det kan i særskilde tilfelle finnast moglegheiter for å gjere unntak frå forbodet, men praksisen på området er streng. Medlemsskap i trussamfunn er i utgangspunktet ikkje nødvendig for å jobbe på ein frivilligsentral. Det er derfor som hovudregel ikkje lov å stille krav om medlemsskap i trussamfunn ved tilsettingar på frivilligsentralar.
Det er ikkje krav om revisjon for dette tilskotet. Vi gjer likevel merksam på at Lotteri- og stiftelsestilsynet kan gjennomføre kontroll med at krava i forskrifta er oppfylte. Kommunar og frivilligsentralar pliktar å medverke til slik kontroll.
Fann du ikkje det du leita etter? Ta kontakt med avdeling for frivilligheitsstøtte.
- E-post: postmottak@lottstift.no
- Sentralbord: 57 82 80 00 (opningstid kl. 10-14).