Totalt auka omsetningen i den regulerte marknaden med 3 prosent målt etter netto omsetning i 2023.

Norsk Tipping hadde totalt ein auke i omsetninga på 3 prosent. Veksten var størst for sportsspel og spel i kategorien Instaspill som omfattar spela i KongKasino, Bingoria, E-Flax og Yezz. Spela på Multix og Belago som hovudsakleg er utplassert i høvesvis kioskar og bingolokale hadde ein reduksjon i omsetninga. Omsetninga for talspela og papirbasert var meir stabil samanlikna med 2022, og med ein vekst på 1 %. Auken for sportsspel og Instaspill må sjåast i samanheng med ytterlegare kanalisering av spel frå dei utanlandske nettsidene til Norsk Tipping . Norsk Rikstoto sine hestespel har redusert omsetninga med 4 % gjennom 2023.

Lotteri og spel på skip har hatt ein vekst på høvesvis 11 % og 4 %. For lotteria sin del skuldast dette auka omsetning hos lotteri med lisens (Pantelotteriet og Postkodelotteriet). Bingoomsetninga var meir stabil, men med ein reduksjon på 1 %.

Auka kanalisering også i 2023

Sentio Research AS endra metode for datainnsamling frå 2022 til 2023, frå datainnsamling gjennom telefonintervju til bruk av webpanel. Som følgje av endringa har den prosentvise målte andelen som spelar på nett auka sterkt. Samanlikning med eldre data av andel som spelar er difor vanskeleg. Tidlegare sa vi at andelen nettspelarar var eit underestimat, og andelen vi ser i målingane no er for høg. Dette er stadfesta i reelle spelartal frå både Norsk Tipping og Norsk Rikstoto.

Andre resultat blir ikkje direkte påverka av innsamlingsmetode og kan lettare samanliknast, m.a. den prosentvise andel som spelar hos dei lovlege norske aktørane blant dei som spelar på nett.

Som bilete på aukande kanalisering er prosentvis at andel av nettspelarar som spelte hestespel. Her spelte 89 % i 2020 og 98 % i 2023 hos Rikstoto siste gongen dei leverte eit hestespel. Auken blir endå klarar når vi ser på liveodds- og kasinospel. Her var tilsvarande andel som spelte liveodds hos Norsk Tipping 58 % i 2020 og 88 % i 2023. For kasinospel auka andelen i same tidsrom frå 42 % til 82 % i Norsk Tipping sin favør. Vi ser at eit effektivt betalingsformidlingsforbod og forbod mot å distribuere reklame for pengespel frå ulovlege spelselskap i sending frå utlandet har hatt god effekt på kanaliseringsgraden.

Lotteritilsynet bereknar at netto omsetning (GGR) hos dei ulovlege aktørane utgjorde mellom 1,4 og 1,9 milliardar kroner i 2023. Dette utgjer om lag 12 % i den totale pengespelmarkanden i 2023.

For spel i konkurranse utgjer den regulerte marknadsdelen 68 prosent. Norsk Tipping sin marknadsdel er 52 % og Norsk Rikstoto har 16 %. Marknadsdelen for dei ulovlege aktørane er berekna til om lag 32 %.

At dei ulovlege aktørane sin marknadsdel er større når ein måler i pengar enn i talet på spelarar, skuldast mellom anna at ein spelar kan tape langt meir hos ein ulovleg aktør enn det som er mogeleg med dei maksimale tapsgrensene hos dei lovlege norske aktørane. Undersøkingane våre viser også at dei som spelar på utanlandske nettstader spelar for meir pengar enn dei som berre spelar på norske.

Spel- og lotteriåret 2023

I 2023 vart det satsa 59,2 milliardar kroner i den norske regulerte marknaden. Netto omsetning (samla innsats minus utbetalt gevinst) var 12,0 milliardar kroner, ein auke på 3 %. Kvar innbyggjar, 18 år og eldre, vil i snitt ha satsa om lag 13 600 kroner på regulerte pengespel i løpet av 2023. Etter at gevinstane er trekte ifrå låg det att 2 770 kroner per innbyggar. I tillegg kjem innsats og tap på utanlandske nettstadar.

Nøkkeltal 2023

Brutto (mill. NOK)Netto (mill. NOK)Stake (mill. Euro)*GGR (mill. Euro
NT – talspel og Flax12 8186 3231 122554
NT – sportsspel5 6571 163495102
NT – Instaspel27 2661 5202 387133
NT – Multix1 5471211350
NT – Belago2 09914118412
Norsk Rikstoto3 14495227583
Lotteri*1 0007108862
Bingo**4 95599843487
Spel på skip***726108649
Totalt59 21512 0351 122554
Per Capita (18 år+)13 6232 7691 193242
*2023: 11,4206 NOK = 1 EURO
**Ein mindre del er estimert og Poker-NM er inkludert ***Foreløpige tal

Tabellen viser brutto og netto omsetning. Brutto omsetning er det samla innsatsbeløpet. Netto omsetning er beløpet som spelarane har lagt igjen etter at gevinstar er utbetalt.

Netto omsetning blir fordelt mellom formål og aktørar (t.d. lag og organisasjonar, entreprenør, operatør eller kommisjonær). Denne fordelinga blir presentert i ein årsstatistikk som kjem ved utgangen av 2023.

Utviklinga frå 2022 til 2023

Brutto 2022Netto 2022Brutto 2023Netto 2023Endring (brutto)Endring (netto)
Talspel og Flax (NT)12 6386 23212 8186 3231 %1 %
Sportsspel (NT)4 9071 0505 6571 16315 %11 %
Instaspel (NT)25 0251 41127 2661 5209 %8 %
Multix (NT)1 878 1461 547121-18 %-17 %
Belago (NT)2 2551502 099141-7 %-6 %
Norsk Rikstoto3 2639903 144952-4 %-4 %
Lotteri*9066411 00071010 %11 %
Bingo5 1291 0104 955998-3 %-1 %
Spel på skip**6711047261088 %4 %
Totalt56 67211 73459 21512 0354 %3 %
*Lotteri: Ein mindre del er estimert og Poker-NM er inkludert. **Foreløpige tal.

Omsetninga til Norsk Tipping har auka for sportsspel og kategorien Instaspill (onlinespela kasino, skrapespel, bingo og yezz). Omsetninga på Multix- og Belago-terminalane er redusert. Rikstoto har og redusert si omsetning. I den private marknaden er det ein auke for lotteri og spel på skip, men ein liten reduksjon for bingo.

Nordmenn si deltaking i den regulerte norske lotteri- og pengespelmarknaden

Lotteritilsynet får årleg gjennomført undersøkingar om speleåtferd i befolkninga . Desse blir utført i juni og desember. Kvar gong blir 1 000 personar, 15 år og eldre, spurde om deltaking i dei ulike spela.

Diagramma under viser prosentdel som har spelt det siste året fordelt på kvinner og menn, samt i aldersgrupper. Frå og med målingane i 2023 er det skifta metode for datainnsamling. Sidan metode-endringa har ført til at vi no har høgare prosentvise andelar av spelarar for dei aller fleste spela, vil vi for ein del resultat ikkje vise utviklinga dei siste åra. Resultat vi no får for 2023 gjennom webpanel over-estimerer til ein viss grad talet på spelarar.

Flest spelarar oppgir å ha spelt talspel, skrapeloddet Flax og på panteautomat det siste året. Færrast har spelt på terminalspela Multix, hos entreprenørbinogo og Belago, samt spel på skip. I mange spel deltek menn oftare enn kvinner, men ifølge undersøkinga kjøper kvinner oftare skrapelodd eller deltek i andre lotteri enn menn. Diagrammet under viser deltaking i spel fordelt på aldersgrupper.

Hovudinntrykket er at talspela til Norsk Tipping og spela til Norsk Rikstoto har forholdsvis fleire spelarar i dei eldre aldersgruppene. Andre spel har oftare deltaking blant yngre.

Nettspelarar

Ifølge kvartalsvise målingar var andel i befolkninga, 18 år og eldre, som har spelt pengespel på Internett og mobil 50,4 prosent i 2023 . Dette utgjer 2 210 000 personar uavhengig av om ein speler på norske eller utanlandske nettstader og kva spel som vert spelt. Når vi samanliknar reelle tal frå Norsk Tipping og Norsk Rikstoto med berekna tal basert på Sentio-målingane ser vi at data frå spørjeundersøkingane gir for høgt anslag for nettspelarar .

Nettspelarar deltek både på norske og utanlandske nettstader, men langt fleire spelar på norske enn på utanlandske nettstader. 91 prosent av nettspelarane har i 2023 svart at dei berre har spelt hos Norsk Tipping, Norsk Rikstoto, Postkodelotteriet eller hos bingoentreprenørar som også tilbyr bingospel på nett. 7 prosent har spelt både på norske og utanlandske medan 2 prosent svarer at dei berre har spelt på utanlandske nettstader.

I følgje målingane har 49 prosent i befolkninga spelte på norske nettstader i 2023, noko som utgjer 2 150 000 personar medan 4,5 prosent svarte at de har spelt hos utanlandske tilbydarar. Dette utgjer 197 000 spelarar. I dei halvårlege målingane har 5,1 prosent svart at dei spelte på utanlandske nettspel i Som for Norsk Tipping og for Norsk Rikstoto reknar vi med at også desse resultata viser for høg andel mot det som er reelt.

At så mange nordmenn spelar på nett hos dei norske selskapa heng mykje saman med at mange spelar talspel på nett som til dømes Lotto. Dvs. at dei t.d. leverer lottokupongen på nett eller mobil i staden for i butikken. Av nettspelarane totalt sett, er det 91 prosent blant dei om har spelt dei siste tre månadene, som har spelt talspel som Lotto, Viking Lotto eller Keno. Til samanlikning er dei spela som deretter er spelt av forholdsvis mange, tipping og odds med 20 prosent, skrapespel med 16 prosent og liveodds samt hestespel med 8 prosent.

I det store bildet er deltakinga på nett i ulike spel relativt stabil dei tre siste år. Data viser ein auke særleg for skrapespel og talspel. For poker er det indikasjon på redusert deltaking.

Redusert deltaking på utanlandske nettstader

Gjennom fleire år har vi sett ein reduksjon i deltaking på utanlandske nettstader. Frå kvartalsvise målingar har i underkant av 200 000 spelt på utanlandske nettstader i 2023. Dette reknar vi med er eit overestimat sidan vi i 2023 endra datainnsamlingsmetode frå telefonintervju til web panel.

Kanalisering kan også målast med utgangspunkt i kvar ein spelte siste gongen.

Andel som spelte hos utanlandske
selskap sist dei spelte
2023202220212020
Hestespel2 %1 %10 %11 %
Bingo8 %29 %9 %33 %
Skrapespel5 %9 %14 %11 %
Kasinospel18 %44 %43 %58 %
Liveodds12 %32 %29 %42 %
Tipping eller oddsspel5 %16 %17 %20 %

Målingane fangar ikkje opp alt spel, og vi reknar med at om lag 150 000 har spelt hos ulovlege nettselskap i 2022. For dei spela der Norsk Tipping og Norsk Rikstoto konkurrerer mot ulovlege spelselskap, viser målingane at delen spelarar hos Norsk Tipping har auka sterkt dei siste åra sett under eitt, men ikkje i 2022. Rikstoto har hatt ein jamn vekst for deltaking på nett og mobil. Diagrammet under syner prosentdel i befolkninga som ifølge desse målingane har spelt på utanlandske nettstader, og andel av befolkninga som har spelt tilsvarande spel hos Norsk Tipping og Norsk Rikstoto.

Kven er nettspelarane og korleis spelar dei?

Nettspelarane er ofast menn. I 2022 har 33 prosent menn spelt på nett eller mobil det siste året. Blant kvinner er andelen 25 prosent. Personar i aldersgruppa 40 – 49 år spelar oftast på nett. Her har 36 prosent spelt på nett eller mobil. Andelen er lågast blant personar som er under 30 år, samt 50 år og eldre. For desse gruppene er andelane høvesvis 24 og 27 prosent.

Dei fleste spelar på ettermiddag eller kveld, og dei færraste om natta. Mange brukar mobiltelefon. Blant nettspelarar var andelen som spelte på mobilen heile 83 prosent i 2022.

Regulerte og uregulerte selskap som tilbyr spel på nett

Blant dei norske regulerte selskapa har Norsk Tipping og Norsk Rikstoto distribuert sine spel over nett i ei lang rekke år. Postkodelotteriet blei lansert hausten 2018 av WWF og SOS Barnebyer og blir selt over nett. I tillegg kan norske bingoentreprenørar med landbasert bingo selje sitt hovudspel over internett.

Ifølgje målingane i 2023 spelte 96 prosent av nettspelarane hos Norsk Tipping, medan 10 prosent spelte hos Norsk Rikstoto. Postkodelotteriet vart nemnt av 6 prosent. Bingospel på nett via lokal bingohall vart oppgitt av 0,4 prosent av nettspelarane. Blant ulovlege nettspelselskap hadde Unibet størst deltaking, og 5 prosent av nettspelarane sa dei hadde spelt der.

Frekvens og innsats

I målingane våre sa 43 prosent av nettspelarane at dei spelte 13 gonger eller meir i løpet av det siste kvartalet. I same periode sa 8 prosent at dei ikkje hadde spelt. For dei som har spelt er gjennomsnittet 15,1 gonger og median/middels tal gonger var 6,0. Snittet utgjer speling litt i overkant av ein gong i veka.

Blant dei som berre speler på norske nettstader var snittet 14,4 gonger. For dei som berre speler på utanlandske nettstader var snittet 24,5 og for dei som spelte både på norske og utanlandske var snittet 22,2 gonger i løpet av eit kvartal.

Uavhengig av kor mykje spelarane har spelt for, har vi spurt kor stort innskot dei vanlegvis gjer når dei er logga på ein nettstad og spelar pengespel. Dvs. kor mykje dei overfører frå eigen bank-konto til ein spelarkonto hos eit spelselskap. Snittet var 207 kroner og median/middels innskot var 100 kroner. Blant dei som spelar på berre norske nettstader er snittet kr 193 (median 100 kr) og blant dei som spelar berre på utanlandske er snittet kr 524 (median 200 kroner). Hos dei som spelar på både norske og utanlandske er snittet kr 313 (median 200 kroner).

Frå undersøkingane ser det ut til at dei som spelar hos ulovlege speleselskap spelar for meir pengar enn dei som spelar berre på norske nettstader. At snittet er høgare enn median viser at det er fleire som spelar for meir enn middels innskot og dermed bidreg sterkare til at gjennomsnittet aukar.

Kva nordmenn legg igjen hos ulovlege spelselskap (GGR)

Lotteritilsynet estimerer at netto omsetning på utanlandske nettstader, eller det nordmenn la igjen her etter gevinstutbetaling, utgjer mellom 1,4 og 1,9 milliardar kroner i 2023. Forenkla blir dette 1,6 milliard kroner. Dette er eit litt lågare estimat samanlikna med 2022 som vi i fjor berekna til mellom 1,6 – 2,0 milliardar.

Estimatet er berekna med utgangspunkt i fem kjelder:

  • Omsetning hos Norsk Tipping og Norsk Rikstoto sett opp mot data frå målingane til Sentio Research AS.
  • Utsegn og rapporterte tal frå den ulovlege bransjen, ei antaking om reduksjon i Noreg.
  • Pro-capita berekning der skattetal frå Sverige gjer det mogeleg å estimerer omsetninga i Norden utan Sverige.
  • 2023-tal frå analyseselskapa GBGC (estimat pr aug 2022) og H2GC (pr 16.02.24).

Hos Hjelpelinja dominerer kasinospel og spel tilbydd av dei ulovlege aktørane

Hjelpelinja for personar med speleproblem hadde i 2023 ein liten auke (3 %) i talet på samtaler/chattar om pengespel. Tal på samtaler om pengespel var 735 i 2022 og 756 i 2023. Tal på førstegongs-samtaler auka frå 486 til 506. Tala inkluderer også førstegongs chat- samtaler. I tillegg tok Hjelpelinja imot 213 e-postar om enkeltspelarar, og mange av desse har handla om å få filteret Gamban, som blokkerer ein spelar frå alle pengespel som blir tilbydd på nett og mobil.

Online kasinospel er den dominerande spelkategorien på hjelpelinja. Tabellen under viser kva spel førstegongs- samtalene i 2023 handla om. Dersom fleire spel har vore omtalte i same samtale, vart det registrert kva spel som var hovudproblemet.

Hovudproblemspelet (eller det einaste) i førstegongssamtalarTal samtalarAndel i posent
Kasinospel (nett)27655
Odds7916
Poker224
Bingo51
Databingo163
NT Belago20,4
Hestespel82
NT Terminal (Multix)82
Lotto/Viking Lotto/
EuroJackpot/Extra/
Joker/Keno/Nabolaget
40,8
Tipping51
Skrapespel00
Andre pengespel30,6
Pengespel, men ikkje spesifisert7415
Dataspel (ikkje pengespel)40,8
Totalt506100

Det blir også registrert kva speloperatør det er spelt hos. Av samtalene om kasinospel er Norsk Tipping åleine nemnde i 7 prosent av samtalene i 2023. I 25 prosent av samtalene blir både Norsk Tipping og ulovlege operatørar nemnde. I 62 prosent av samtalene er det utelukkande ein ulovleg operatør som blir nemnd. I samtalene om odds viser 19 prosent av samtalene til Norsk Tipping, 24 prosent viser til både Norsk Tipping og ulovlege operatørar og 41 prosent viser utelukkande til ein ulovleg operatør. I samtalene om poker gjeld 41 prosent nettpoker og vennelag/pokerklubb. I tillegg nemner 23 % berre nettpoker og 23 prosent berre vennelag/pokerklubb.

Andelen førstegongssamtaler for kvinner med pengespelproblem var i 2023 på 13 prosent. Snittalderen var på 31,9 år. Når det gjeld kasinospel, odds- og sportsspel samt poker, er det stort sett spelarar i alle aldersgrupper som har problem, men dei yngste aldersgruppene ser ut til å vere overrepresentert, særleg for kasinospel , sportsspel og poker. Motsett, er det dei eldste aldersgruppene som relativt oftare nemner problem med spel på hest, bingospel og Multix.

Innringarane blir også spurde om dei har spelegjeld på samtaletidspunktet. I samtaler der spelegjeld har vore tema, sa 36 prosent at dei hadde ei gjeld på 100 000 eller meir i 2023. 17 prosent oppgav at dei hadde spelegjeld på ein halv million eller meir. 43 prosent sa at dei ikkje hadde spelegjeld.

Når det gjeld helsemessige konsekvensar opplyste 90 prosent, der helse var tema, at dei opplevde psykiske plager som følgje av spelinga.