Pengespelstatistikk

Omlag 2,5 millionar nordmenn spelar pengespel. Her finn du detaljerte nøkkeltal for pengespel i Norge i 2021.

Under ser du oversikt over totalomsetning i den regulerte pengespelmarknaden og utbetaling til formål.

I 2021 var brutto omsetning 51,8 milliardar kroner. Kvar innbyggjar, 18 år og eldre vil i snitt ha satsa 12 100 kroner på regulerte pengespel. Når gevinstane er trekte ifrå la nordmenn igjen 11 milliardar kroner på pengespel. Dette utgjer 2600 kroner per innbyggjar.

Nøkkeltal speleproblem

Om lag 200 tusen nordmenn spelar pengespel hos utanlandske spelselskap som ikkje har løyve til å tilby eller marknadsføre sine spel i Noreg. Lotteritilsynet estimerer at netto omsetning på utanlandske nettstader utgjer mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner i 2021.

Dei fleste som ringer Hjelpelinjen tar kontakt grunna problem med kasinospel frå utanlandske spelselskap.

Nøkkeltal 2021

Her finn du detaljerte nøkkeltal for 2021.

I vårt publikasjonsarkiv finn du blant anna årsstatistikkar for norske pengespel og samtalestatistikk for Hjelpelinjen. Du finn også forskingsrapportar om pengespel og speleproblem.