Totalt auka omsetnaden i den regulerte marknaden med 6 prosent målt etter netto omsetnad i 2022.

Det er naturleg å gå ut i frå at ein del av auken skuldast at 2022 var eit år utan påverknad frå koronarestriksjonar. Mellom anna ser vi at Belago-terminalane til Norsk Tipping, som er plassert i bingohallar, auka omsetnaden mest av dei norske spela, med 26 prosent. Totalt hadde Norsk Tipping ein auke i omsetnaden på 4 prosent.

Instaspill auka med 11 prosent. Auken heng saman med at Norsk Tipping over tid har fått fleire spelar til denne kategorien, blant anna som følgje av sterkare kanalisering. Talspel og skrapeloddet Flax på papir hadde ein samla vekst på 4 prosent, medan Multix, som er terminalar som står i kioskar, fekk redusert omsetninga med 16 prosent.

Sportsspela hadde ein reduksjon på 6 prosent. Norsk Tipping peikar mellom anna på redusert effekt av vinter-OL som mogleg forklaring, med meisterskap og TV-sendingar midt på natta for oss nordmenn. I tillegg kan eit kontroversielt fotball-VM, for første gong arrangert i november og desember, vere med å forklare nedgangen. Større effektar av speleansvarstiltak har også spelt ei viktig rolle.

Norsk Rikstoto sine hestespel hadde stort sett stabil omsetnad samanlikna med 2021.

Lotteri har hatt ein vekst på 10 prosent, som i stor grad skuldast auka omsetning hos lotteri med lisens (Pantelotteriet og Postkodelotteriet). Bingo og spel på skip har også hatt stor vekst, som kan forklarast med opphøyr av reiserestriksjonar knytt til korona.

Fleire spelar på lovlege spel etter sterkare kanalisering

Talet på nettspelarar har auka over fleire år, men stabiliserer seg i 2022 viser målingar Sentio Reasearch gjer for Lotteritilsynet. Auken finn ein på norske regulerte spel, og ikkje på utanlandske nettstader. Andel nordmenn som har spelt hos ulovlege aktørar har i mange år vore mellom 4 og 5 prosent. I 2022 var andelen 2,5 prosent og 3,4 prosent i høvesvis kvartalsvise og halvårlege målingar.

Mot dette hadde 15,5 prosent spelt hos Norsk Tipping på dei spela som er i konkurranse med dei ulovlege (Instaspill og sportsspel). 2,9 prosent hadde spelt hos Rikstoto. Året då Norsk Tipping lanserte interaktive nettspel (Instaspill i 2014) var andelen 5,9 prosent for Norsk Tipping og 4,2 prosent for dei ulovlege.

Lotteritilsynet bereknar at netto omsetning (GGR) hos dei ulovlege aktørane utgjer mellom 1,6 og 2,0 milliardar kroner i 2022. Dette utgjer om lag 13 prosent i den totale pengespelmarkanden i 2022.

Norsk Tipping sin marknadsdel er 49 prosent og Norsk Rikstoto har 16 prosent. For spel i konkurranse utgjer den regulerte marknadsdelen 64 prosent.

At dei ulovlege aktørane sin marknadsdel er større når ein måler i pengar enn i talet på spelarar, skuldast mellom anna at ein spelar kan tape langt meir hos ein ulovleg aktør enn det som er mogeleg med dei maksimale tapsgrensene hos dei norske aktørane. Undersøkingane våre viser også at dei som spelar på utanlandske nettstader spelar for meir pengar enn dei som berre spelar på norske.

Spel- og lotteriåret 2022

I 2022 vart det satsa totalt 56,7 milliardar kroner (brutto omsetning). Netto omsetning (samla innsats minus utbetalt gevinst) var 11,7 milliardar kroner, ein auke på 6 prosent. Kvar innbyggjar, 18 år og eldre, vil i snitt ha satsa om lag 13 000 kroner på regulerte pengespel i løpet av 2022. Etter at gevinstane er trekte ifrå låg det att 2 700 kroner per innbyggar. I tillegg kjem innsats og tap på utanlandske nettstadar.

Undersøkingane frå Sentio viser at 1,26 million nordmenn spelte pengespel på internett i 2022. Talet er stabilt samanlikna med 2021. I 2022 spelte 110 00 av desse på ulovlege nettsider, medan talet var 160 000 i 2021. Vi reknar med at målingane ikkje fangar opp alt spel, men meir av dei som spelar ofte enn dei som spelar sjeldan.

Nøkkeltal 2022

Brutto (mill. NOK)Netto (mill. NOK)Stake (mill. Euro)*GGR (mill. Euro
NT – talspel og Flax12 6386 2321 251617
NT – sportsspel4 9071 050486104
NT – Instaspel25 0251 4112 477140
NT – Multix1 87814618614
NT – Belago2 25515022315
Norsk Rikstoto3 26399032398
Lotteri*8986288962
Bingo**5 1291 010508100
Spel på skip***6711046610
Totalt56 66411 7215 6081 160
Per Capita (18 år+)13 0362 6971 290267
2022: 10,104 NOK = 1 EURO
*Ein mindre del er estimert og Poker-NM er inkludert,**Foreiningsbingoar og ein radio-/TV-bingo har ikkje levert rekneskap og er ikkje medrekna. ***Foreløpige tal for 2022.

Tabellen viser brutto og netto omsetning. Brutto omsetning er det samla innsatsbeløpet. Netto omsetning er beløpet som spelarane har lagt igjen etter at gevinstar er utbetalt.

Netto omsetning blir fordelt mellom formål og aktørar (t.d. lag og organisasjonar, entreprenør, operatør eller kommisjonær). Denne fordelinga blir presentert i ein årsstatistikk som kjem ved utgangen av 2022.

Utviklinga frå 2021 til 2022

Brutto 2021Netto 2021Brutto 2022Netto 2022Endring (brutto)Endring (netto)
Talspel og Flax (NT)12 1475 98712 6386 2324 %4 %
Sportsspel (NT)4 8091 1214 9071 0502 %-6 %
Instaspel (NT)22 8101 26825 0251 41110 %11 %
Multix (NT)2 2351741 878146-16 %-16 %
Belago (NT)1 7401182 25515030 %26 %
Norsk Rikstoto3 2289833 2639901 %1 %
Lotteri*8265678986289 %11 %
Bingo**3 7477935 1291 01037 %27 %
Spel på skip***33549671104100 %112 %
Totalt51 87811 06056 66411 7219 %6 %
*Lotteri: Ein mindre del er estimert og Poker-NM er inkludert. **11 og 7 foreiningsbingoar, samt ein radio-/TV-bingo har ikkje levert rekneskap i høvesvis 2021 og 2022, og er difor ikkje medrekna. ***Foreløpige tal.

Omsetninga til Norsk Tipping har særleg auka for Belago og kategorien Instaspill (onlinespela kasino, skrapespel og bingo). Omsetninga på Multix-terminalane og sportsspel er redusert. Rikstoto har hatt stabil omsetning. I den private markanden er det ein auke for alle kategoriane, dvs lotteri, bingo og spel på skip.

Nordmenn si deltaking i den regulerte norske lotteri- og pengespelmarknaden

Lotteritilsynet får årleg gjennomført undersøkinga om speleåtferd i befolkninga . Desse blir utført i juni og desember. Kvar gong blir 1 000 personar, 15 år og eldre, spurde om deltaking i dei ulike spela.

Diagramma under viser prosentdel som har spelt det siste året fordelt på kvinner og menn, samt aldersgrupper. I tillegg har vi med eit diagram som viser utviklinga totalt for år 2019 til og med 2022.

Flest spelarar oppgir å ha spelt talspel, skrapeloddet Flax og på panteautomat det siste året. Færrast har spelt på terminalspela Multix, hos entreprenørbinogo og Belago, samt spel på skip. I mange spel deltek menn oftare enn kvinner, men ifølge undersøkinga kjøper kvinner oftare skrapelodd eller deltek i andre lotteri enn menn. Diagrammet under viser deltaking i spel fordelt på aldersgrupper.

Funna tyder på at talspela til Norsk Tipping, spela hos Norsk Rikstoto og Postkodelotteriet har forholdsvis fleire spelarar i dei eldre aldersgruppene. Andre spel har oftare deltaking blant yngre. Diagrammet under viser deltaking frå 2019 til 2022.

Hovudtendensen er at mange spel er stabile, men einskilde spel har endra deltaking i 2022. I einskilde spel som få deltek i, og som vart påverka av koronarestriksjonar i 2021 og 2021, ser vi tendens til vekst. Dette gjeld Multix, spel i bingolokale, og spel på skip.

Nettspelarar

På oppdrag frå Lotteritilsynet gjennomfører Sentio Research Norge AS kvartalsvise spørjeundersøkingar om pengespel på nett. Målingane vert utført kvart kvartal, der 1 000 personar over 18 år vert spurde om dei har spelt pengespel over internett i løpet av det siste året.

Desse målingane syner ei stabilisering i talet på nettspelarar i 2022, samanlikna med året før. I 2022 viser målingane at 1 260 000 nordmenn frå 18 år og oppover spelte på internett eller mobil. Dette utgjer 29 prosent av den vaksne befolkninga. For 2021 berekna vi 1 280 000 nettspelarar, som utgjorde 30 prosent.

Sidan våre berekningar baserer seg på regelmessige målingar utført gjennom heile år, får vi etterslep. Talet på nettspelarar ved utgangen av 2022 kan reelt sett vere både litt høgare eller litt lågare enn vi får fram her. Det kan og tenkjast at målingane i større grad fangar opp dei som spelar ofte og jamleg, enn dei som spelar sjeldan og sporadisk.

Nettspelarar deltek både på norske og utanlandske nettstader, men langt fleire spelar på norske enn på utanlandske nettstader. 92 prosent av nettspelarane har i 2022 svart at dei berre har spelt hos Norsk Tipping, Norsk Rikstoto, Postkodelotteriet eller hos bingoentreprenørar som også tilbyr bingospel på nett. 6 prosent har spelt både på norske og utanlandske medan 3 prosent svarer at dei berre har spelt på utanlandske nettstader. 28 prosent i befolkninga spelte på norske nettstader i 2022, noko som utgjer 1 210 000 personar. Tilsvarande tal i 2021 var 1 220 000 spelarar.

At så mange nordmenn spelar på nett hos dei norske selskapa heng mykje saman med at mange spelar talspel på nett som til dømes Lotto. Dvs. at dei t.d. leverer lottokupongen på nett eller mobil i staden for i butikken. Av nettspelarane totalt sett, er det 86 prosent blant dei om har spelt dei siste tre månadene, som har spelt talspel som Lotto, Viking Lotto eller Keno. Til samanlikning er dei spela som deretter er spelt av forholdsvis mange, tipping og odds med 18 prosent, skrapespel med 11 prosent og liveodds samt hestespel med 6 prosent.

Redusert deltaking på utanlandske nettstader

Kvartalsvise målingar syner at rundt 110 000 har spelt på utanlandske nettstader i 2022. Dette utgjer 2,5 prosent av den vaksne befolkninga, og er ein nedgang frå 3,6 prosent i 2021.

I den årlege undersøkinga av speleåtferd er ikkje endringa like stor. I denne undersøkinga inngår spørsmål om spel på nett hos andre enn Norsk Tipping, Norsk Rikstoto, Postkode-lotteriet eller nettbingo gjennom lokal bingohall. Her varar 3,4 prosent at dei har spelt på utanlandske nettstader i 2022. I 2021 var andelen 3,6 prosent. Diagrammet under viser redusert deltaking frå 2019 til 2022. Reduksjonen har skjedd gradvis dei siste fire åra.

Målingane fangar ikkje opp alt spel, og vi reknar med at om lag 150 000 har spelt hos ulovlege nettselskap i 2022. For dei spela der Norsk Tipping og Norsk Rikstoto konkurrerer mot ulovlege spelselskap, viser målingane at delen spelarar hos Norsk Tipping har auka sterkt dei siste åra sett under eitt, men ikkje i 2022. Rikstoto har hatt ein jamn vekst for deltaking på nett og mobil. Diagrammet under syner prosentdel i befolkninga som ifølge desse målingane har spelt på utanlandske nettstader, og andel av befolkninga som har spelt tilsvarande spel hos Norsk Tipping og Norsk Rikstoto.

Kven er nettspelarane og korleis spelar dei?

Nettspelarane er ofast menn. I 2022 har 33 prosent menn spelt på nett eller mobil det siste året. Blant kvinner er andelen 25 prosent. Personar i aldersgruppa 40 – 49 år spelar oftast på nett. Her har 36 prosent spelt på nett eller mobil. Andelen er lågast blant personar som er under 30 år, samt 50 år og eldre. For desse gruppene er andelane høvesvis 24 og 27 prosent.

Dei fleste spelar på ettermiddag eller kveld, og dei færraste om natta. Mange brukar mobiltelefon. Blant nettspelarar var andelen som spelte på mobilen heile 83 prosent i 2022.

Regulerte og uregulerte selskap som tilbyr spel på nett

Blant dei norske regulerte selskapa har Norsk Tipping og Norsk Rikstoto distribuert sine spel over nett i ei rekke år. Unicef lanserte eit nettbasert lotteri i 2017, men dette lotteriet vart avvikla hausten 2020. Postkodelotteriet blei lansert hausten 2018 av WWF og SOS Barnebyer og blir selt over nett. I tillegg har norske bingoentreprenørar med landbasert bingo høve til å også selje sitt hovudspel over internett.

Ifølgje målingane i 2022 spelte 95 prosent av nettspelarane hos Norsk Tipping, medan 8 prosent spelte hos Norsk Rikstoto. Postkodelotteriet vart nemnt av 3 prosent. Bingospel på nett via lokal bingohall vart oppgitt av 0,3 prosent av nettspelarane. Blant ulovlege nettspelselskap hadde Unibet størst deltaking, og 5 prosent av nettspelarane sa dei hadde spelt der.

I målingane våre sa 42 prosent av nettspelarane at dei spelte 13 gonger eller meir i løpet av det siste kvartalet. I same periode sa 7 prosent at dei ikkje hadde spelt. Gjennomsnittet var 14 og median/middels tal gonger var 6,0. Snittet utgjer speling litt i overkant av ein gong i veka.

Blant dei som berre speler på norske nettstader var snittet 13,1 gonger. For dei som berre speler på utanlandske nettstader var snittet 12,8 og for dei som spelte både på norske og utanlandske var snittet 25,6 gonger i løpet av eit kvartal.

Uavhengig av kor mykje spelarane har spelt for, har vi spurt kor stort innskot dei vanlegvis gjer når dei er logga på ein nettstad og spelar pengespel. Dvs. kor mykje dei overfører frå eigen bank-konto til ein spelarkonto hos eit spelselskap. Snittet var 240 kroner og median/middels innskot var 150 kroner. Blant dei som spelar på berre norske nettstader er snittet kr 207 (median 125 kr) og blant dei som spelar berre på utanlandske er snittet kr 878 (median 200 kroner). Hos dei som spelar på både norske og utanlandske er snittet kr 477 (median 250 kroner).

Frå undersøkingane ser det ut til at dei som spelar hos ulovlege speleselskap spelar for meir pengar enn dei som spelar berre på norske nettstader. At snittet er høgare enn median viser at det er fleire som spelar for meir enn middels innskot og dermed bidreg sterkare til at gjennomsnittet aukar.

Kva nordmenn legg igjen hos ulovlege spelselskap (GGR)

Lotteritilsynet estimerer at netto omsetning på utanlandske nettstader, eller det nordmenn la igjen her etter gevinstutbetaling, utgjer mellom 1,6 og 2,0 milliardar kroner i 2022. Dette er eit litt lågare estimat samanlikna med 2021, som vi i fjor berekna til mellom 1,8 og 2,2 milliardar.

Estimatet er berekna med utgangspunkt i fem kjelder:

  • Omsetninga hos Norsk Tipping sett opp mot data frå målingane til Sentio Research AS.
  • Utsegn og rapporterte tal frå den utanlandske bransjen, der vi finn støtte for ein noko redusert omsetning i Norge.
  • Tal frå analyseselskapa GBGC og H2GC.
  • Pro-capita berekning der skattetal frå Sverige gjer det mogleg å utføre ei slik berekning for Danmark, Finland og Norge, med utgangsspunkt i rapporterte nordiske tal frå den utanlandske bransjen.

Det bør nemnast at H2GC endrar sine estimat fleire gonger gjennom året. Etter at Lotteritilsynet utarbeidde sitt estimat i mars 2023, har H2GC sitt estimat både vore 0,4 milliardar lågare og 1,6 milliardar høgare. I vår modell ville desse endringane før til at vårt totale estimat ville vore høvesvis 1,5 til 1,9, og 1,8 til 2,2 milliardar kroner.

Hos Hjelpelinja dominerer kasinospel og spel tilbydd av dei ulovlege aktørane

Hjelpelinja for personar med speleproblem hadde i 2022 ein auke i talet på telefonsamtalar. Tal på samtalar om pengespel auka med 15 prosent, frå 637 til 735. Tal på førstegongssamtalar auka ikkje like mykje, med 2 prosent frå 475 til 486. Tala inkluderer også førstegongs chatsamtalar. I tillegg tok Hjelpelinja imot 246 e-postar om prngespelproblem.

Tabellen under viser kva spel førstegongssamtalane i 2022 handla om. Dersom fleire spel var omtalte i same samtale, vart det registrert kva spel som var hovudproblemet. Online kasinospel utgjer den dominerande spelkategorien i desse samtalane.

Hovudproblemspelet (eller det einaste) i førstegongssamtalarTal samtalarAndel i posent
Kasinospel (nett)24250
Odds8417
Poker286
Bingo194
Databingo112
NT Belago40,8
Hestespel123
NT Terminal (Multix)51
Lotto/Viking Lotto/
EuroJackpot/Extra/
Joker/Keno/Nabolaget
182
Tipping102
Skrapespel00
Andre pengespel71
Pengespel, men ikkje spesifisert4910
Dataspel (ikkje pengespel)71
Totalt486100

Det blir også registrert kva speloperatør det er spelt hos. Av samtalene om kasinospel er Norsk Tipping åleine nemnde i 5 prosent av samtalene i 2022. I 32 prosent av samtalene blir både Norsk Tipping og ulovlege operatørar nemnde. I 56 prosent av samtalene er det utelukkande ein ulovleg operatør som blir nemnd. I samtalene om odds viser 8 prosent av samtalene til Norsk Tipping, 42 prosent viser til både Norsk Tipping og ulovlege operatørar og 38 prosent viser utelukkande til ein ulovleg operatør. I samtalene om poker gjeld 61 prosent nettpoker.

Andelen førstegongssamtaler for kvinner var i 2022 på 12 prosent for pengespelproblem. Snittalderen var på 35,2 år. Når det gjeld kasinospel, odds- og sportsspel samt poker, er det stort sett spelarar i alle aldersgrupper som har problem, men dei yngste aldersgruppene ser ut til å vere overrepresentert, særleg for kasinospel og poker. Den yngste aldersgruppa spelar oftast kasinospel og sportsspel. Motsett, er det dei eldste aldersgruppene som relativt oftare nemner problem med spel på hest, bingospel og Multix.

Innringarane blir også spurde om dei har spelegjeld på samtaletidspunktet.

I samtaler der spelegjeld har vore tema, sa 25 prosent at dei hadde ei gjeld på 100 000 eller meir i 2022. 9 prosent oppgav at dei hadde spelegjeld på ein halv million eller meir. 40 prosent sa at dei ikkje hadde spelegjeld. Når det gjeld helsemessige konsekvensar opplyste 87 prosent, der helse var tema, at dei opplevde psykiske plager som følgje av spelinga.