Bingostatistikk for første halvår 2022 og heile 2021

I første halvår i 2022 omsette entreprenørbingo for 2,43 milliardar kroner, mot 1,28 milliarder på same tid i 2021. Omsetninga er dermed tilbake på same nivå som før korona.

To typar bingo i Norge
  • bingo med entreprenør – entreprenøren står for drifta av bingoen og overskotet går til lag og foreiningar
  • foreiningsbingo – lag og foreiningar driftar bingoen sjølv, inkludert radio/TV-bingo

Første halvår i 2022 – Omsetninga på entreprenørbingo tilbake til før korona-nivå

Første halvår i 2022 omsette entreprenørbingo for 2,43 milliardar kroner, mot 1,28 milliarder på same tid i fjor. Omsetnaden er dermed tilbake på same nivå som før korona.

Det var overført 116 millionar kroner til 3058 lag og organisasjonar frå bingo (etter fråtrekk av gebyr) og 22,9 millionar kroner frå Belago. Tilsvarende var overføringa 58,1 og 12,7 millionar kroner første halvår i 2021.

Type spel Brutto
omsetning
Gevinst Gevinst
prosent
Netto
omsetning
Til formål* – av netto
omsetning
Totalt bingo 2 4321 95480,4%477122,825,7%
Hovudspel 61645173,3%16428,817,5%
Sidespel 1 8151 50282,7%3139430%
Belago1 1541 07893,4%7622,930%
* I denne tabellen er utbetalt til formål frå hovudspel og sidespel oppgitt før fråtrekk av gebyr for bingoløyve.

Sjå excel-arka nedanfor for meir detaljerte tal.

Omsetninga på hovudspel i lokale har auka frå 214 millionar kroner i første halvår 2021, til 420 millionar i første halvår 2022. I tillegg til hovudspel, kan bingohallane tilby databingo som sidespel i same lokale. Sidespel er berre lovleg i bingohallane. I første halvår 2021 omsette sidespel for 877 millionar kroner, mot 1,8 milliardar kroner i første halvår 2022.

I 2019, som var siste år før koronapandemien, var omsetnaden på entreprenørbingo 4,6 milliardar kroner. Første halvår i 2021 var framleis prega av heilt eller delvis stengde bingohallar, som følge av koronarestriksjonar. Sjølv om dei fleste bingohallane opna i midten av juli 2021, var ikkje folk tilbake i bingohallane med ein gong. 2022 har vore tilnærma normalt og folk har begynt å oppsøke bingohallane igjen. Som følge av dette har også sidespel auka.

Framleis auke i spel på nett i første halvår 2022

Hovudspel på nett har også auka, men ikkje tilsvarande mykje som i hovudspel i lokale. Omsetninga på hovudspel på nett var 175 millionar kroner første halvår i 2021, mot 195 millionar kroner første halvår i 2022.

Ser ein derimot på hovudspel på nett før og etter korona, har det vore ein markant auke i omsetninga. For heile 2019 var omsetninga på nettbingo 39 millionar kroner. Til samanlikning var tal for heile 2020 og 2021 forholdsvis 206 og 343 millionar kroner.

Stengde bingohallar gjorde at spelinga flytta seg frå bingohallar til nettbingo. Sjølv om bingohallane er opna opp igjen, aukar omsetninga på nettbingo.

Nøkkeltal for bingo med entreprenør i 2021

Dette er arrangement der profesjonelle bingoentreprenørar driv bingo i eigne lokale, og overfører overskot frå spel til ulike lag og organisasjonar.

Oversikta er basert på innrapporterte tal frå 464 bingorekneskap (fordelt på 232 bingohaller) for heile 2021.

Entreprenørbingo omsette for 3,6 milliardar kroner i 2021. Av dette kom ca. 972 millionar fra hovudspel, og 2,6 milliardar frå sidespel.

3076 lag og foreiningar motteke overskot frå entreprenørbingo i 2021. Det vart overført 180 millionar kroner til lag og organisasjonar frå bingo (etter fråtrekk av gebyr) og 35,4 millionar kroner frå Belago.

Det er framleis ei auke i hovudspel på nett. Ut frå tal for 2021 er det vanskeleg å seie om dette er ein varig trend. I sentrale austlandsområde var bingohallar stengt store delar av første halvår. Også i andre delar av landet med høgt smittetrykk, var bingohallar periodevis stengt første halvår.

Type spelBrutto
omsetning
GevinstGevinst
prosent
Netto
omsetning
Til formål*– av netto
omsetning
Totalt bingo3 6362 90779,9%729185,625,5 %
Hovudspel97270872,9 %263 45,617,3 %
Sidespel2 6642 19882,5 %466 139,930 %
Belago1 7401 62293,2 %11835,530 %
* I denne tabellen er utbetalt til formål frå hovudspel og sidespel oppgitt før fråtrekk av gebyr for bingoløyve.

I excel-arket nedanfor finn de meir detaljerte tal om tabellen, oversikt over utbetaling til alle lag og organisasjonar og rekneskapstal fordelt på bingoentreprenørar og bingohaller i 2021.

Last ned nøkkeltal for entreprenørbingo i 2021.

Meir detaljert oversikt over omsetning hovudspel i bingohall og på nett, samt datasidespel og papirsidespel, finn de i oversikt over bingorekneskap levert frå bingoentreprenørane.

Bingo utan entreprenør (foreiningsbingo) i 2021

Det ble i 2021 gitt 75 løyve til radio/tv-bingo. Det er gitt tilbakemelding om at fem løyve ikkje har vore i drift i 2021. Eit løyve mangla bingorekneskap og har som følge av dette mista godkjenninga.

Av 126 løyve som var gitt til foreiningsbingo i 2021, er det 35 løyve som ikkje har vore nytta grunna forhold knytt til koronapandemien. I tillegg mangla 11 løyve bingorekneskap.

Last ned omsetningstal og oversikt for utbetalingar til formål nedanfor:

Nøkkeltal over tid entreprenørbingo

Profesjonelle aktørar driv bingo i eigne lokale og overfører overskotet frå spelet til lag og organisasjonar. Oversikt over godkjente formål finn du i Lotteriregisteret.

Belago er namnet på Norsk Tipping sine bingo-terminaler som står utplassert i bingohallar. Utplassering av desse starta hausten 2011. Overskotet frå Belago-terminalene går til dei same formåla som resten av overskotet frå bingoen.
Hovudspel er det eigentlege bingospelet, mens databingo og papirbingo samla blir omtalt som sidespel.

Utvikling foreiningsbingo

Dette er arrangement der lag og foreiningar (formål) sjølv står for gjennomføringa av spelet. Dei fleste slike bingoar er omtala som foreiningsbingo eller bygdebingo. I tillegg er også bingo gjennom lokalradio og lokalfjernsyn medrekna her.

For meir detaljert oversikt over bingostatistikk tilbake i tid, sjå årsstatistikk frå norske lotteri og pengespel.